Valkampen er i gang i Giske!

Statsråd og KrF-nestleiar Olaug Bollestad og Harry Valderhaug utanfor «Ingeløa» på Støbakk Gard.

Tysdag 3. august var landbruks- og matminister og KrF-nestleiar Olaug Bollestad på sunnmørsturné, der ho som statsråd besøkte Herøy, Volda og Stranda. Sunnmørsturen vart avslutta med eit besøk i «Ingeløa» på Støbakk Gard på Godøya, i regi av Giske KrF.

Harry Valderhaug som er fylkeslaget sin 1. kandidat, samt ordførar i Giske kommune, sette stemninga og leia samlinga i «Ingeløa». Lokallaget kunne by på både «brennsnut» og KrF-valkampkake og markerte dermed at valkampen er i gang.

Harry Valderhaug intervjua nestleiar Olaug Bollestad, samt leia «sofapratane» som Bollestad hadde med både Linda Austnes og Odd Christian Stenerud.  

Linda Austnes er leiar for «Inn på tunet» på Støbakk Gard og fortalte om dette viktige arbeidet. «Inn på tunet» er eit tilrettelagt og kvalitetssikra tenestetilbod som skal gi meistring, utvikling og trivnad, og som har samla sin visjon i 5 T-ar: Tid, Tillit, Trivnad, Tryggleik og Tilhøyrigheit. Deira tenestetilbod er tilrettelagt for; Avlastning barnevern, demensomsorg, personar med fysisk og psykisk utviklingshemming og legg opp til at garden skal vere ein pedagogisk ressurs. Eit flott og viktig arbeid.
Odd Christian Stenerud er gardbrukar på Høgstein Gard på Godøya og mangeårig sentralt tillitsvalt i Norges Bondelag. I sofapraten mellom han og statsråden vart det samtalt om mange interessante landbrukspolitiske saker.
Begge «sofapratane» vart streama og er tilgjengeleg på fylkeslaget si facebookside: https://www.facebook.com/moreogromsdalkrf.

Med dette besøket av KrF-nestleiar Olaug Bollestad på Godøya, der ho peika på Harry Valderhaug som ein ypperleg 1. kandidat for Møre og Romsdal (sjå biletet), markerer dette valkampstarten for Giske KrF.