Tusen takk for støtten!

Fylkesordfører Solveig Ege Tengesdal, ble på nominasjonsmøtet i Rogaland KrF 20. oktober, valgt som partiets fylkesordførerkandidat ved valget i 2019. Etter valget holdt hun denne takketalen:

Bilde av Solveig Ege Tengesdal på talerstolen på fylkesnominiasjonsmøte
Det har gjort godt å få melding om at eg har hatt støtte i alle lokallag, sa Solveig Ege Tengesdal i sin takketale på nominasjonsmøtet.

Kjære alle saman!

Først av alt vil eg sei: Tusen takk for støtten!
Det har vore og er ein spesiell haust. Knut Arild har gjort sitt til at hausten har blitt ekstra spennande for mange av oss. Akkurat det skal vi
diskutere endå meir seinare i dag.

For min eigen del må eg likevel sei at det nok har vore ei anna sak som har vore endå meir krevande den siste tida. Byvekstavtalen og dei nye bommane har fått fram eit engasjement og eit sinne som eg nok ikkje har vore åleine om å bli overraska over.

Mykje har vore sagt, mykje har vore hevda og mykje har vore skrive. Og mange vrangforestillingar og mykje feilinformasjon har blitt ståande som sannhet. Eg må vere så ærleg å seie at det ikkje alltid har vore berre lett å stå i alle utfordringar når ein ikkje veit kva kant neste motbør kjem frå.

Då har det gjort ekstra godt å få melding om at eg har hatt støtte i alle lokallag. Eg har hatt backing for arbeidet på fylkesplan frå KrF-arar i alle lokallag, i alle kommunar. Det har gjort godt. Tusen takk for telefonar, meldingar, både med og uten bibelvers og forbøn. Det er godt å vere i KrF og kunne seie det.

Den medieoppmerksomheten KrF har fått i haust har nok kome litt overraskande på mange av oss. Det er klart at det er Regjeringsspørsmålet som ligg i botnen, men samtidig har det gjeve oss ein unik opning for å snakke om kva vi står for som parti, kva vi prioriterer høgast og kva vi ikkje vil forhandle om.

Og det er viktig å høyre på Knut Arild og Olaug når dei seier at det ikkje er KrF si sjel vi no skal diskutere. KrF er og vil bli eit sentrumsparti, og KrFarar vil vi halde fram med å vere – uansett kva Landsmøtet i november endar med.

Kva er så KrF si rolle?
Kva ville vere ugjort hvis KrF sin plass stod tom? Kven ville då sikre fleire helsesystre i Rogaland? Kven ville tale saka til dei som treng ekstra tilretteleggjing på arbeidsplass eller i skulen? Kven ville jobbe for at vi skal få eit senter for tunnelsikkerhet, når det vert bygd lengre og djupare tunnelar enn nokon sinne. Nettopp på dette området er det særs viktig at det finst kompetanse og at det blir forska på korleis me kan gjere også desse delane av det norske vegnettet så trygt som mogeleg.

For trafikksikkerhet er viktig for KrF. 

For KrF er ikke det viktigste å komme fort fram, men å komme trygt fram.

Dette har vi arbeidd mykje for og prioritert høgt i fylkespolitikken dei siste tre åra. Og vi har fått gjennomslag for meir lys langs vegane, og fleire gang- og sykkelstiar. I det siste har vi sett at det blir lagt opp til gang- og sykkelstiar med ei bane for syklistar og ei for gåande. Dette gjer skule- og arbeidsvegen tryggare for begge grupper. Dei som vil raskt fram på sykkel – og dei blir det stadig fleire av – får anledning til dette og dei som vil trippe og hoppe mot skulen kan trygt gjere det.

No torsdag var refleksdagen. Dette er òg ein viktig del av det med trafikksikkerhet. Det å bli sett gjennom bruk av refleks og lys når ein syklar eller går. Det har blitt ei auke i talet på mjuke trafikantar, og det er svært positivt. Men det gjeld òg å ta med seg erfaringa frå livet som bilist når ein blir mjuk trafikant. Gode refleksar og gode lys gjer at ein blir sett.  Dette er nok dessverre òg litt kjønns- og alderavhengig. Vi er veldig bevisste på å gje ungane våre lys og refleksvestar. Så ser vi ektepar ute på gåtur, ho har refleksvest, han utan refleks i det heile.

Barn og unge
KrF har alltid kjent på eit spesielt ansvar for barn og unge. Eg vil kort trekke fram noen eksempler på korleis nettopp det perspektivet kommer til uttrykk gjennom politiske vedtak denne perioden.

For det første: Endeleg har vi fått etablert ungdommens fylkesting i Rogaland. Her blir det stilt gode spørsmål og høge krav. Ungdommens fylkesting skal bestå av representantar frå dei enkelte kommunane i fylket.  Alle kommunane er ikkje heilt på plass ennå med å velge sine utsendingar. Ta gjerne kontakt med kommunen din og sjekk om de har nokon som deltek. Dette er ein god læringsarena og som vaksne politikarar har vi stor nytte av å få presentert deira perspektiv på ulike saker.

For det andre fekk KrF gjennom tilsetjing av mobbeombod. Dette var ei sak vi lenge var åleine om.  KrFU skal ha honnør for veldig godt arbeid her. Vi fikk det inn i den politiske plattformen som ble etablert ved inngangen av denne fylkestingsperioden og på plass i budsjettet allerede første budsjettår.  Jeg er utrolig stolt over at vi fikk det til og det før det på nasjonalt hold er blitt lagt opp til at alle fylke skal ha ei slik stilling for å følje opp at skuleelevar og lærlingar skal oppleve eit godt læringsmiljø utan mobbing.

Det tredje punktet er korleis vi har arbeidd med nullvisjonen; eit mål om at alle ungdomar skal fullføre vidaregåande utdanning, enten gjennom fagbrev eller studiespesialiserande utdanning.   Andelen som fullfører og består etter 5 år er nå på 77% – vi har klart å løfte oss frå en 7 til en 4 plass blant fylkene.  Dette handler om langsiktig og systematisk jobbing som nettopp er forankret i målet om nullvisjon mot frafall.  

I KrF er vi opptatt av at vi skal legge til rette for at dei som er ferdige med grunnskulen skal få velje retning ut frå evne og ynskje.   Å kunne kombinere skolegang med eksempelvis idrett, å kunne velge både yrkesfag og toppidrett er en mulighet som KrF har vært opptatt av.  Forsøket som startet ved Haugaland vgs skal etterhvert evalueres med tanke på å kunne tilbys fra flere skoler.

Rogaland er landets største og beste lærlingefylke.  Rogaland er det fylket med flest på yrkesfag, cirka halvparten av elevane velger det, og desse treng praktisk erfaring og god oppfølging på vegen mot fag- eller svennebrev.  Kvert vår jobbes det hardt med å finne læreplassar til alle.  Her må vi jobbe enda bedre sammen; fylkeskommune, næringsliv, kommuner, partene i arbeidslivet med både å etterspøre og kreve faglært arbeidskraft.  Den innkjøpsmakten som vi representerer er det som avgjør både at ungdom søker yrkesfag og i neste omgang faktisk får den fagutdanningen de har rett på.  Seriøsitetsreglene som ikke KrF, men Ap tok initiativ til og som etter hvert alle partiene i fylkestinget stilte seg bak, er avgjørende for at vi i dag har et mye mer bevisst forhold til andel fagarbeidere, antall timer som utføres av faglærte og antall timer som utføres av lærlinger.   Å åpne veier og gang- og sykkelveier er ikke kun glamorøst, det er også en måte å få synliggjort hva fagfolk faktisk bidrar med.  Rekorden så langt er 6 lærlinger – nå jobber Statens vegvesen med å slå den rekorden neste gang snoren skal klippes!

Jeg kunne ha nevnt mye mer av saker som KrF er spesielt engasjert i, enten det handler om at vi nå er blitt en 

Av –og- til fylkeskommune
Vi såg at då vi tok opp at Rogaland fylkeskommune skulle bli eit Av og til -fylke var det breitt fleirtal for dette. Det er ikkje logisk og sjølvsagt at det skal serverast alkohol til alle middagar i fylkeskommunal regi. Ikkje er det rett i forhold til økonomi og bruk av avgrensa pengepott, ikkje ut frå sosiale hensyn – personar som ikkje klarar å stoppe i tide. Når det no er studieturar i regi av fylkeskommunen blir ikkje alkohol dekka i det heile. Og alle tykkjer dette er greitt.

Jeg nevner også etablering av Jøssingfjord Vitenmuseum som nå er i ferd med å realiseres – ikke minst med bakgrunn i KrF sitt engasjement – ikke minst gjennom en ekstra budsjettbevilgning i starten av perioden.

KrF viser igjen enten det handler om gratis utleie av idrettshaller i tilknytning til de videregående skolene til frivillige lag og foreninger eller gjennom forutsigbare rammer til frivillige, men også til viktige kulturinstitusjoner som betyr mye for mange.  

Avslutting
Vi har hatt eit breitt samarbeid i fylkestinget denne perioden.   Den politiske plattformen ble signert av KrF, Sp, V og Ap – med andre ord et bredt sentrumssamarbeid.  Plattform og konstituering fikk også stemmene fra MdG og SV.  I fortsettelsen har vi invitert alle partier til budsjettsamarbeid som alle har stilt opp på med unntak av Høyre.

Nokon vil kanskje seie at dette har vore for breitt, men det har vore nødvendig for å sikre fleirtal, men det er sjølvsagt krevjande.  

Jeg ser fram til både resten av høsten og ikke minst neste fylkestingsperiode.  Da blir det regionale nivået enda mer spennende å jobbe med.  Der har KrF virkelig gjort en forskjell, gjennom flertallet for Regionreformen.  For meg er Regionreformen en demokratireform, der flere oppgaver flyttes fra statlig nivå til et regionalt, folkevalgt nivå.

Overføringen av ansvaret for drift, vedlikehold og bygging av fylkesveier blir svært omfattende og noe jeg virkelig ser fram til blir gjennomført. 

KrF er også et samferdselsparti som sjølvsagt kjem til å sette dette politikkområdet høyt på sakslista framover.  Det handler om at hele fylket skal fungere – helst sammen – da handler det både om effektive og trygge veier, hurtigbåter, ferjer, buss og bane og ikke minst ras- og. Samferdsel og god infrastruktur i vid forstand er avgjørende for vekst og næringsutvikling.

 Igjen; tusen takk for tilliten – eg gler meg til 4 nye år i Nye Rogaland!