Trusfridom og ytringsfridom for alle

Innsendt interpellasjon til Møre og Romsdal fylkesting frå Victoria Smenes – i samband med «april-tinget».

Ytringsfridom er ein særs viktig verdi i Noreg og i Møre og Romsdal. Fylket har òg forplikta seg til å være berekraftsfylket. I berekraftsmål nummer 10, mindre ulikskap, står det på mrfylke.no sin nettstad «Mellom anna set delmål 10.2 fokus på at ein må femme sosial, økonomisk og politisk inkludering av alle, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, rase, etnisitet, nasjonalt opphav, religion eller økonomisk eller anna status» (eiga utheving).

For å få ei reell inkludering av alle, må vi ha rom for eit livssynsope samfunn der ein fritt kan ytre seg om trua si. Vi er forplikta til å leggje til rette for at folk skal få vere heile menneske, der trua deira kan vere ein viktig del av deira liv i samfunnet, og ikkje berre i det private rom. SSB har målt at 47% av befolkninga i Noreg over 16 år trur på Gud. Tru er ein viktig del av mange menneske sin identitet, men det er liten plass for tru og religion i det opne rom. Dette er overraskande då det er nærast halvparten av befolkninga som har ei tru.

Å skulle være «livssynsnøytral» er det motsette av nøytralitet, då det fører til at nærast 47% av innbyggjarane våre over 16 år kan føle at trua deira vert ekskludert. Vi må difor jobbe for eit livssynsope samfunn, der alle er like mykje verd uavhengig av kva dei trur og ikkje trur på, og at det skal vere rom for å vere heile menneske med si tru. Eit menneske si tru er ein viktig del av deira liv, identitet og kultur. Mange kristne organisasjonar har lang historie i fylket, der ein både har gjeve viktige tilbod til born og unge, og teke imot menneske i alle livsfasar for å feire dei gode dagane, og sørge saman i dei vonde. Det er eit stort mangfald av trussamfunn og organisasjonar som har aktivitetar som er i skjeringspunktet mellom kultur og tru.

Vi vil oppmode om at komande planer i Møre og Romsdal fylkeskommune tek med formuleringar som framhevar at vi skal ha eit livssynsope samfunn, som legg vekt på respekt for alle menneske. Det er viktig å anerkjenne at menneske har åndelege behov med stor privat betydning, som òg har ein viktig kulturell verdi for samfunnet.

………………………………

Forslag til vedtak;
Møre og Romsdal ynskjer å vere ein livssynsopen fylkeskommune som legg til rette for eit livssynsope samfunn. Fylkestinget ber Fylkeskommunedirektøren om å innarbeide dette i relevante planer, til dømes regional delplan for attraktive byar og tettstader.


Mvh
Victoria Smenes, KrF