– Det er no me skal vise kva for verdiar me har bygd landet vårt på

– Verdas flyktningsituasjon er ei av de største utfordringane me har stått overfor. Bileta og historiene påverkar oss, og minner oss òg på vårt ansvar for å hjelpe våre medmenneske. Det er no me skal vise kva for verdiar me har bygd landet vårt på, sa Knut Arild Hareide i trontaledebatten.

Portrett av Knut Arild Hareide
Foto: Agnete Brun

I ein veldig god tale minte stortingspresidenten oss på kva for situasjon me og Europa var i for 70 år sidan. Da var det 60 millionar europearar på flukt til andre land. No er det Europa som er den trygge hamna for menneske som flyktar for sine liv.

I trontalen kunne me lese:

«Mange har opp gjennom historien stilt opp for oss nordmenn da vi trengte en hjelpende hånd. Nå er det vi som må stille opp for mennesker i nød.»

Det er ei erkjenning me alle bør vere einige om, men det er òg ei erkjenning som forpliktar. Det forpliktar oss, ikkje berre til å ta vår del av ansvaret, men å ta vår rettmessige del av ansvaret.

Kvart andre sekund blir eit menneske drive på flukt. Verdas flyktningsituasjon er ei av de største utfordringane me har stått overfor. Bileta og historiene påverkar oss, og minner oss òg på vårt ansvar for å hjelpe våre medmenneske. Noregs innsats i Middelhavet har vore med på å redde liv, og her i Noreg ser me eit stort engasjement blant folk og organisasjonar som ønskjer å bidra i den nasjonale dugnaden for flyktningane.

Trass i denne fantastiske innsatsen ser me at mottaksapparatet ikkje er berekna for ei så stor asyltilstrømming på kort sikt. Det aukande talet på asylsøkjarar har ført til store utfordringar for Politiets utlendingsenhet. Barn har måtta overnatte på betonggolv ved lokala på Tøyen i påvente av å bli registrerte. Apparatet må styrkjast, slik at det blir lagt til rette for mottak av fleire flyktningar, og at flyktningane skal få ein verdig velkomst.

Det er to ting eg vil minne om.

Det eine er det forslaget som Kristeleg Folkeparti fremjar under denne debatten. Det gjer noko med dei mindreårige asylsøkjarane, ikkje minst dei i aldersgruppa 15–18 år, som treng eit betre tilbod enn det me gir.

Det andre er at det er mange parti – og eg håper òg at Kristeleg Folkeparti har vore sterkt delaktig i det – som har snakka om barnefattigdom i vårt eige land. Det veit me heng saman med bl.a. den asyl- og innvandrartilstrømminga me har hatt i Noreg dei siste ti åra, og med den situasjonen me no ser, veit me at det arbeidet blir enda viktigare framover.

Langsiktig fredsarbeid

Flyktningsituasjonen kan berre løysast ved eit langsiktig fredsarbeid. Me må leggje press på Russland, USA, Tyrkia, Iran og andre stormakter som kan påverke partane i konflikten. Samtidig må me parallelt finne løysingar som vil betre flyktningane sin noverande situasjon. Da må me ha ein felles dugnad i Europa for å ta imot flyktningar som ikkje kan hjelpast i nærområda, auke kapasiteten i søk- og redningsarbeidet i Middelhavet og raskt få busett og starta integreringa av flyktningar som kjem til Noreg.

FNs høgkommissær for flyktningar har sagt det slik: Dette er «sannhetens øyeblikk» for Europa. No er det tida for å vise kva for verdiar Europa er bygd på.

Sånn er det òg for Noreg. Det er no me skal vise kva for verdiar me har bygd landet vårt på.

Stigande arbeidsløyse 

Me opplever i dag ei stigande arbeidsløyse i landet vårt. Det er særleg krevjande for dei lokalsamfunna, familiane og enkeltpersonane som dette rammar. Mange opplever usikkerheit for eiga og andre si framtid. Den jobben som var ein sjølvsagd ting, er plutseleg blitt borte. No må me tenkje både langsiktig og kortsiktig. Me må treffe tiltak for dei som er utan jobb i dag, men òg for dei som står i fare for å miste jobben i framtida.

Dei kortsiktige tiltaka meiner Kristeleg Folkeparti bl.a. vil vere ein godt tilpassa oljepengebruk, ein god kommuneøkonomi og ekstra vedlikehald av offentlege bygningar og infrastruktur. Me må sjå om ulike regelverk for arbeidslivet er tilpassa dagens situasjon, som f.eks. permitteringsregelverket.

Me treng tiltak som verkar raskt, for å hjelpe dei mest sårbare, nemleg dei unge. Det betyr bl.a. fleire tiltaksplassar for å hjelpe fleire inn i arbeid, ein kraftig auke av lærlingstilskotet og fleire plassar til bedriftsintern opplæring.

Så må me òg setje i gang tiltak som vil påverke på noko lengre sikt. Her er det bl.a. viktig med eit grønt skatteskifte som fremjar klimavennlege val. Me meiner òg ein reduksjon i selskapsskatten er nødvendig, for å fremje auka investeringar og fleire arbeidsplassar på sikt.

Me treng sterkare satsing på kunnskap – alt frå tidleg innsats i skulen med fleire lærarar i barneskulen til forsking på fornybar energi og satsing på kommersialisering av forsking gjennom FORNY2020.

Me må fortsetje samferdselsutbygginga som Kristeleg Folkeparti og dei tre andre samarbeidspartia har begynt på, særleg grøne samferdselstiltak og tiltak som gir utvikling og vekst i heile landet.

Me må aldri akseptere at arbeidsløysa får feste seg på eit høgt nivå. Det har den svært sjeldan gjort tidlegare i vårt land. Noko av det gode med det norske samfunnet er nettopp at me har greidd å unngå at arbeidsløysa har festa seg på eit høgt nivå. Det må me òg greie denne gongen.

Ingen skal engste seg for å bli gamal i Noreg

Ingen skal engste seg for å bli gamal i Noreg. Derfor treng me ei god og tilpassa eldreomsorg, og me må bli flinkare til å ta i bruk den ressursen eldre menneske utgjer i vårt samfunn.

Ein verdig alderdom når helsa sviktar, handlar om langt meir enn sjukeheimsplassar. Ein plass kan vere heilt nødvendig, men innhaldet i omsorga er avgjerande for livskvalitet og tryggleik for den enkelte.

Mange i denne sal kjenner godt eldreomsorga rundt om i landet. Me ser kva for fantastisk innsats som blir lagd ned av tilsette rundt om i landet. Samtidig er det ikkje tvil om at det framleis er store variasjonar i eldreomsorga frå kommune til kommune. Tilsette i dei kommunale helse- og omsorgstenestene blir mange stader pressa til det yttarste. Det går ut over det grunnleggjande tilbodet og pasientsikkerheita. Me må kunne gjere kommunane betre i stand til å møte behova til sine eldre. Fleire tilsette gir tid til den enkelte. Me treng ei offensiv satsing på bemanning og rekruttering framover.

Skulesatsing

I dag er det for mange elevar som går ut av grunnskulen utan å kunne lese og skrive ordentlig, som droppar ut av skulen før dei har fullført vidaregåande, eller som gruer seg til å gå på skulen på grunn av mobbing. Årsaka er verken dårlege lærarar eller for få skuletimar, men at for mange lærarar har for lita tid til kvar enkelt elev. Derfor meiner Kristeleg Folkeparti at lærartettheita må aukast for dei yngste skuleelevane, slik at kvart enkelt barn blir sett, at kunnskapshol blir fanga opp, og at elevane får utfordringar tilpassa sitt nivå.

Me begynte denne satsinga i årets budsjett. No skal me fortsetje i åra som kjem. Det er ei god og riktig investering. For noko av det viktigaste me kan gjere i samfunnet, er nettopp å leggje til rette for at barna våre får ein trygg og god oppvekst. Ein god barndom varer heile livet ut. Skulen har stor betydning for barnas oppvekst og dannar eit viktig grunnlag for framtida.

Det er eitt eksempel på viktige gjennomslag for Kristeleg Folkeparti at me sikrar fleire lærarar i 1., 2., 3. og 4. trinn. Andre viktige gjennomslag for Kristeleg Folkeparti har vore at me har sikre 1 pst. av BNI til bistand i dei to budsjetta som har vore. Alt tyder på at det som kjem på onsdag, òg vil gjere det. Me er i gang med eit grønt skifte i eit langt betre tempo enn me har sett tidlegare. Me greier å busetje fleire flyktningar. Me har fått på plass ein opptrappingsplan om vald mot barn. Me ser ein rusbehandlingsplan til 2,4 mrd. kr. Familiane har fått valfridom – ei dobla kontantstøtte og satsing på barnehage.

Men Kristeleg Folkeparti har større ambisjonar framover. Me ønskjer å gi eit løft for sårbare grupper i vårt samfunn. Det er ein av dei viktigaste visjonane for Kristeleg Folkeparti med vårt arbeid her på huset.