Tore Storehaug om regjeringas klimaplan: – Ambisiøs og realistisk

Torsdag vart det kjend at regjeringas klimaplan ligg fast. – Den ambisiøse klimapolitikken ligg fast, vi har ein heilskapleg plan for korleis vi skal nå utsleppsmåla.

Tore Storehaug
KrFs klimapolitiske talsperson, Tore Storehaug.

– Regjeringa har ein ambisiøs og realistisk klimastrategi for tida som kommer. Det er det ingen andre regjeringsalternativ som har klart å presentere. Skal vi nå klimamåla må vi ha ein heilskapleg plan og ikkje berre enkeltforslag, seier KrFs klimapolitiske talsperson, Tore Storehaug.

Han peiker på at den norske regjeringa gjorde Noreg til det første vestlege landet til å melde inn forsterka klimamål under Parisavtalen i 2020.

Noreg, som et av verdast rikaste land, har eit stort ansvar for å bidra til å kutte utslepp av klimagassar.

Tore Storehaug, klimapolitisk talsperson i KrF

– Men denne regjeringa har ikkje berre satt ambisiøse klimamål, den er også den første regjeringa som også legg fram ein heilskapleg og realistisk plan som viser korleis vi skal nå klimaforpliktingane våre.  Utsleppa i Noreg går ned, og det skal dei halde fram med, seier Storehaug.

Store kutt i Noreg

Han peiker på at regjeringa med denne plana gjer store kutt i klimagassutslepp i Noreg.

– Vi sørger for at vi tar ein betydeleg andel av kutta heime i Noreg ved blant anna økt CO2-avgift, CO2-fangst og –lagring og eit mål om å kutte 50% av utsleppa i transportsektoren, seier Storehaug.

Han trekker særleg fram satsinga på fangst og lagring av Co2.

– FNs klimapanel har slått fast at fangst og lagring av CO2 vil vere nødvendig for å redusere globale klimagassutslepp i tråd med klimamåla til lågast mulig kostnad. Her er Noreg ledande på teknologiutvikling, og potensialet for eksport av denne kunnskapen er stor, fortel Storehaug.

Årlige mål for utslipp

Regjeringa skal sette opp utslippsbudsjett for ikkje-kvotepliktig sektor, altså utslipp som ikkje er inkludert i EUs marknad for handel med utslipp, for 2021-2030. Dette vil vise kor mye Norge maksimalt kan sleppe ut årlig frem til 2030.

– Dette blir ein god ordning for å ansvarleggjere oss sjølv kvart einaste år.

Klimaendringene rammer mest dei som har minst

Storehaug peiker på at kampen mot klimaendringane også er ein kamp mot fattigdom. Klimaendringane gjer nemlig størst skade for de fattigaste i verda. Mange har, eller kommer til, å miste heimen på grunn av klimaendringane.

– Noreg, som et av verdast rikaste land, har eit stort ansvar for å bidra til å kutte utslepp av klimagassar. Vi veit at klimaendringane rammer dei som har minst aller hardast, sjølv om det er vi som har mest som har slept ut mest. Det er rett og slett veldig urettferdig, seier Storehau.

– Kampen mot klimaendringane er ein kamp for å sikre de som kjem etter oss ein god klode å leve på, men det er også ein kamp mot fattigdom. Vi, med alle dei privilegia og rikdommen vi har, skal gjere vårt for at verden når klimamåla.