Forsking og kunnskapsutvikling på kvinnehelse er eit forsømt område. Dette viser ein fersk rapport lansert av kjønnsforskning.no. Saman med Norske kvinners Sanitetsforeining har dei utarbeida rapporten ”Hva vet vi om kvinners helse?” som blei lansert sist veke.
Rapporten viser at det meste av forsking i dag er på mennene sine premisser og at kvinner i mange år har blitt nedprioritert framfor forsking på menn si helse. Menn sine sjukdomar er visstnok meir interessante og ein viser mellom anna til at det i gjennomsnitt blir brukt meir enn 6000 kroner meir på ein kreftsjuk mann som på ei kreftsjuk kvinne.
Forskarane meiner at ein nettportal som samlar og formidlar norsk forsking på kvinner si helse kan vere eit godt verkemiddel for å bidra til eit meir likeverdig helsetilbod til kvinner og menn. Rogaland KrF vil utfordre helseministeren på å realisere ein slik portal, samt verne om Kilden Kjønnsforsking si viktige kunnskapsformidling.
Dette vil vere viktige steg mot ein likeverdig helseteneste samt bidra til at frivillige organisasjonar, fagmiljø og det offentlege saman kan jobbe for like moglegheiter for alle.
Kvinnehelse blir ofte sett saman med såkalla «bikinimedisin»; medisin som fokuserer på bryst og underliv. Vanlegvis tenkjer vi ikkje på andre sjukdomar enn nettopp desse som kvinnesjukdomar. Sanninga er derimot at mange andre sjukdomar rammar kvinner oftare enn menn. Dømer er revmatiske lidingar, beinskjørheit, MS og eteforstyrringar. I tillegg er det slik at andre sjukdomar, som til dømes hjarte- og karsjukdomar, kan gje andre symptom hos kvinner enn menn.
KrF vil styrke forskinga på kvinnesjukdomar for å sikre kvinner riktig diagnose og behandling så raskt som mogleg. I tillegg vil vi auke kompetansen blant fastlegane på kvinner sitt sjukdomsbilete.
Rogaland KrF vil ikkje ha et helsevesen der lidingar som i stor grad ramme kvinner blir nedprioritert. Difor er auka innsats for å bidra til å sikre likeverdig tilgang til helsetenester viktig.
Tida er overmoden for målretta satsing på kvinnehelse!
På vegne av Rogaland KrF
Leder av Rogaland KrF Kvinner Anne Kristin Bruns
Fylkesleder Oddny Helen Turøy