Tid for klimadugnad!

– No er det tid for klimadugnad, for å finne tiltaka som sikrar at vi når dei offensive klimamåla Noreg har sett! seier Tore Storehaug, klimapolitisk talsmann i KrF.

Portrett av Tore Storehaug ikledd gul regnjakke. Han smiler.
Tore Storehaug

Regjeringa får i dag overlevert kunnskapsgrunnlaget til Klimakur som skal vise menyen over tiltak Noreg kan nytte for å kutte sine utslepp. Klimakur 2030 er faglege råd, gitt av ei gruppe under leiing av Miljødirektoratet. Desse råda vil vere eit viktig grunnlag for ein politisk dugnadsjobb, og regjeringa skal seinare leggje fram Klimaplan 2030 som blir regjeringa sitt dokument. 

 

Arbeidet med klimakur skal vise korleis Noreg kan kutte sine klimagassutslepp i ikkje-kvotepliktig sektor med 50% innan 2030. Dette gjeld for transportsektoren, infrastruktur, industri og landbruk. I fjor inngjekk vi ein avtale med EU om felles oppnåing av klimamåla for desse sektorane. Det betyr at ein vil ha årlege utsleppsbudsjett som syner kor mykje vi må kutte utsleppa kvart år.

 

– Gjennom å sikre ei klimalov og klimaavtalen med EU har vi styrka rammeverket kring klimaarbeidet i Noreg. For KrF var klimaloven ein stor politisk siger. Samarbeidet med EU sikrar effektive klimaløysingar, der ein ser Europa under eitt. Det rammeverket må fyllast med tiltak og no har vi eit godt høve til å ta den debatten gjennom at saka kjem på høyring. Klimaplanen skal etter kvart til handsaming i  Stortinget, seier Storehaug, og legg til:  – For KrF er det viktig å føre ein klimapolitikk som får ned utsleppa både i Noreg og globalt. Dei siste åra har ein tatt viktige grep gjennom klimalov, omstilling av transportsektoren gjennom elektrifisering og auka bruk av biodrivstoff, samt ein klimaavtale med landbruket.

 

Klimakur skal no på høyring slik at tiltaka kan bli så gode og effektive som mogleg. – Klimakrisa må bli møtt med aktiv politikk. Noreg kan styrke rolla ein har med ein verdsleiande rein industri og landbruk. Poenget må vere å kutte framfor å flytte utsleppa, det gjer vi gjennom å lage framtida sine klimaløysingar her i Noreg. I dette arbeidet må vi få med oss fleire så det blir ein real klimadugnad, konkluderer Storehaug.