10 gode grunnar til å stemma KrF

Det finst mange grunnar til å stemma KrF ved valget i haust. Her er 10 av dei:

Plakat: ti gode grunnar til å stemma KrF

Menneskeverd i sentrum
Kvart menneske har ein uendeleg verdi og ukrenkelege rettar frå det vert unnfanga og til naturleg død, uavhengig av eigenskapar. Me vil ha eit samfunn med plass til alle – uansett.

Moderne familiepolitikk
Me vil gje familien tillit, fleksibilitet og valfridom. Difor vil me ha auka kontantstøtte, fleksible permisjonsordningar og minst to barnehageopptak i året. Me vil jobba for eit godt barnevern og familievern som kan hjelpa familiar i sårbare fasar.

Sjukeheimsplass når du treng det
Eldre skal ha ein trygg og god heim, anten du bur på sjukeheim, i aldersbustad eller i din eigen bustad. Du skal vera trygg på at sjukeheimsplassen står klar den dagen du treng det.

Ein skule som ser kvar enkelt elev
Alle elevar fortener å verta sett og få god oppfølging tidleg. Difor vil me sikra fleire lærarar i 1.-4.trinn. Skulearbeidet må følgjast opp med tett samarbeid med heimen. KrF-initiativet med mobbeombod bør verta innført i heile landet.

Stopp menneskehandel
Vår tid sitt slaveri krev handling. I Noreg vert òg menneske utsatt for tvangsarbeid, trafficking og sexkjøp. KrF vil hjelpa ofra ut av menneskehandel, mellom anna gjennom eigne einingar i politiet, og me vil førebyggja gjennom auka kunnskap og medvit. 

Kamp mot fattigdom
KrF ønskjer at alle barn i verda skal ha høve til å gjera gode val for sitt liv. Difor satsar me særskilt på bistand til utdanning.

Fattigdom i Noreg handlar ofte om å vera utanfor. KrF støttar tiltak som gjev barn i fattige familiar aktivitetstilbod.

Miljøomsyn i førarsetet
Noreg må ta sitt ansvar og verta eit lågutsleppssamfunn, og på sikt heilt klimanøytralt. Me må intensivera omlegginga til bruk av nye, fornybare energikjelder. Dette er både god klimapolitikk og framtidsretta næringspolitikk.

Levande distrikt
KrF vil ha levande lokalsamfunn med gode tenester for innbyggjarane. Me vil ha landbruk i heile landet, som sikrar auke i matproduksjon og sterkare jordvern. Me vil leggja til rette for næringsutvikling og etablera arbeidsplassar i distrikta.

Frivillig arbeid og dugnadsånd
KrF vil gje gode arbeidsvilkår for dei som tek del i frivillig arbeid. Me vil gje fullstendig momsfritak, og auka grensa for skattefrådrag ved gåver til frivillige organisasjonar til 50 000 kroner for privatpersonar og 100 000 kroner for verksemder.

Kristen kulturarv er ein byggjestein for samfunnet
Me vil at vår tusenårige kristne kulturarv framleis skal prega samfunnet. Sjølv i møte med andre kulturar er det viktig å vera trygg på sin eigen kulturbakgrunn. Det må vera plass til tru i det offentlege rom.