Steinar Høyvik ny 2. nestleiar i Rogaland KrF

Steinar Høyvik frå Tysvær er nyvald 2. nestleiar i Rogaland KrF

Steinar Høyvik blei i dag einstemmig vald til ny 2. nestleiar på fylkesårsmøtet til Rogaland KrF.

Høyvik løyser av Alf Magne Grindhaug som har bedt om å tre av grunna helsemessige årsaker.

Steinar Høyvik utgjer no leiartrioen i Rogaland KrF, saman med fylkesleiar Oddny Helen Turøy og 1. nestleiar Reid Ivar Bjorland Dahl.

Steinar er medlem av kommunestyret og utval for levekår i Tysvær i tillegg til fleire andre verv som fylgjer oppgåva som folkevald denne perioden.

Ifølge avtroppande lokallagsleiar i Tysvær, Anne Henriette Veim Eikje, så er han særs engasjert, han kjenner mange, i mange ulike miljø der KrF ikkje alltid viser like godt igjen. Vil han ha meir «kjøt på beinet» i ei sak, ringer han nokon på den lange kontaktlista si, dersom dei ikkje allereie har tatt kontakt med han. Steinar når ut til mange med KrF-innlegga sine på FB, óg til folk som ikkje har andre KrF-kontaktpunkt.

Steinar har bakgrunn frå byggebransjen og med oppfølging av lærlingar i byggfag. Han er no driftsleiar i eit eigedomsfirma. I tillegg har han oppgåver i frivillig arbeid, mellom anna i NMK Vikedal (bilcross) og leiar av båtforening. Han har bak seg tre perioder i sokneråd.

Sjølv beskriv han seg som nysgjerrig og ein som er oppteken av å kunne gjere ein forskjell for barn og ungdom.