Resolusjon vedteken på Møre og Romsdal KrF sitt fylkesårsmøte:


Slava Ukraini

I bygd og by førebur vi oss til å ta imot flyktningar frå Ukraina. Ikkje sidan 2. verdskrig har Europa sett ei flyktningkrise av slike dimensjonar. Det uprovoserte angrepet på Ukraina har skremt oss, og vi står saman med Ukraina og heile den frie verda i fordøming av krigshandlingane det Russiske regimet har sett i verk.

Dei mange som no flyktar for livet frå bomberegnet over Kiev, Mariupol og dei andre storbyane i Ukraina skal merke at norske kommunar bryr seg om dei. I kommunestyre, fylkesting og på Stortinget vil KrF medverke til at Norge tek grep for å sikre husrom, helsetenester, skule og arbeid til barn og vaksne frå Ukraina som søker ei trygg hamn her hos oss.

Marerittet i Ukraina er ikkje over. Barn, mødre og besteforeldre klamrar seg til kvarandre i bomberom medan rakettregnet tordnar over dei. Stadig fleire er låst inne i byar utan vatn og straum – og med truande matmangel. Vår bøn er at den russiske hær må opne korridorar slik at sivile kan kome seg i tryggleik ut av krigssona.

I Norge er det mange frivillige organisasjonar og enkeltmenneske som ynskjer å hjelpe og støtte flyktningane som kjem til våre lokalsamfunn. Det er viktig at stat og kommune samarbeider tett med frivillige organisasjonar i inn- og utland for i møte med den humanitære katastrofen i Ukraina.

Fylkesårsmøtet i Møre og Romsdal KrF oppmodar kommunar og regjering til å samarbeide tett med frivillige organisasjonar og private huseigarar for å kunne yte humanitær hjelp og ta imot dei som flyktar frå krigen i Ukraina.

Slava Ukraini – leve Ukraina!