Sjukehuset utsett nok ein gong

Tålmodet har teke slutt. I årevis har sjukehuset Nordmøre og Romsdal stått på vent. Allereie på 80-90 talet vart oppussing satt på vent: «det nye sjukehuset» skulle byggjast. Innsparingar og lojalitet mot budsjett var regelen. Alle steinene vart snudd, ja utallige gonger, endring av drift var meir regel enn unntak. Personalet har stått på, og har vore positive. 

Harry Valderhaug og Randi W Frisvoll
Harry Valderhaug og Randi W. Frisvoll

Endeleg fekk vi ein direktør som greidde å få Helse Møre og Romsdal til å gå i overskudd. Alt var gryteklart og ferdig. Men no blir det kjent at Helse Møre og Romsdal ikkje vil inngå kontrakt med Skanska, ja med den konsekvens at bygging av sjukehuset blir utsett nok ein gong. Og kva med underleverandører, mannskap og kapasitet. Vi treng oppdrag og arbeid, ja spesielt i den tida vi er inne i no. Det er heilt uforståeleg. Kvar har det blitt av truverdet? er heile styringa utan kontroll?

Pasientar og dei ansatte er slitne og frustrerte. Dei treng sårt eit nytt sjukehus. Nordmøre og Romsdal har no venta lenge nok. Korleis kan ein bruke så mange millionar, og kva sit vi igjen med no? 

KrF har vore imot helseforetaksmodellen fra starten av og ynskjer heller folkevalgt styring. Vi arbeider heile tida for auka rammer til helseforetaka, både lokalt og sentralt.

Fristen for byggjestart har heile tida blitt skubba ut i tid, og videre framdrift er uklar. No må Helse MR og aktørane kome til einigheit. Tida for høgtid og fred nærmar seg, og vi forventer eit gledeleg budskap frå adm. direktør i Helse Møre og Romsdal snarleg, slik at julefreden kan senke seg, saman med skuldrene til pasientar, pårørande og tilsette.  


Randi Walderhaug Frisvoll, fylkesleiar Møre og Romsdal KrF
Harry Valderhaug, 1. kandidat på KrF si stortingsliste