Rogaland KrF vil ha ein betre erstatningsordning til barnevernsbarna

 Leder av KrF Kvinner Anne Kristin Bruns, foto: KrF/ Alf Magne Grindhaug

Rogaland KrF vil ha ein betre erstatningsordning til barnevernsbarna
Av: Anne Kristin Bruns på vegne av AU i Rogaland KrF

Menneske som har erfart omsorgssvikt og overgrep er i ein sårbar situasjon. Det må me som enkeltpersonar og samfunn ta på alvor.

Møte med den enkelte og kommune skal opplevast respektfullt og verdig. Slik er det ikkje i dag. Me må ikkje gløyme at gruppa me har med å gjer, er ei gruppe som har blitt utsett for urett. Systemet må ikkje være slik at det berre er dei som har råd til dei dyraste advokatane, eller dei som får omtale i media, som får eit godt utfall i saka. 

Me treng eit regelverk som gjer at sakene blir behandla likt, uavhengig av kva for kommune ein bur i og kor ressurssterk den enkelte er.

På tidleg 2000-talet fekk politikarane i Stavanger kommune på plass ei oppreisingsordning for barn som hadde opplevd alvorleg svikt i kommunen sine tenester. Men ordninga som var svært god vart avslutta i 2011.

I 2018 tok KrF opp eit forslag til Stortinget om å gå gjennom offentlege oppreisnings- og erstatningsordningar. Forslaget oppnådde ikkje fleirtal, men eit alternativt vart vedteke som bad regjeringa ta initiativ overfor KS for å utarbeide ein beste praksis-tilråding for frivillige kommunale og fylkeskommunale erstatningsordningar. 

Svaret på vedtaket vart at KS bad kommunane om å etablere ei ordning. Det vi ser no er at ulike kommunar lage eigne vedtak for korleis ordninga skal gjennomførast. Me i Rogaland KrF meine at dette blir feil. Det skal ikkje vere opp til den enkelte kommune sin økonomi korleis ordninga blir gjennomført. Me må ha nasjonale føringar slik at handsaminga av sakene blir tilnærma likt  gjennomført.

Difor vil Rogaland KrF jobbe for at den tidlegare ordninga i Stavanger blir ein mal for nasjonale føringar som forplikte kommunane til å ta tak i desse sakene. Dialogen kommunane har med den enkelte som søkjer oppreising skal vere prega av verdigheit og forståing. 

At tidlegare barnevernsbarn som krev erstatning blir lytta til, respektert og får ei oppreising meine me vil vere avgjerande. Historiene frå både Sandnes og Stavanger viste oss at det i utgangspunktet ikkje berre er pengane som bidreg til oppreisinga, det er like mykje ei oppleving av å få ei orsaking frå offentlege myndigheiter om ein tapt barndom.