Sjølv om Noreg gjennom mange år har blitt kåra til eit av verdas beste land å bu i, opplever stadig fleire å falle utanfor samfunnet. Rogaland KrF er uroa for utviklinga, og ønskjer å lansere eit krafttak mot utanforskap.
Utanforskap er øydeleggjande for den einskilde og for samfunnet. Dei som står utanfor fellesskapet, kan få færre høve i livet og dårlegare livskvalitet og helse. Eit samfunn med auka utanforskap kan truge noko av det vi er mest stolte av med det norske samfunnet: Dei små skilnadene, grada av tillit mellom folk og opplevinga av tryggleik. Vi må difor føre ein samstemt politikk for å inkludere fleire.
Arbeid er det viktigaste verkemiddelet mot fattigdom og utanforskap. Noreg har eit velfungerande og trygt arbeidsmarknad der dei fleste er i jobb. Over tid har talet på dei som er utanfor arbeidslivet auka. Unge, personar med «hol i CV-en», menneske med nedsett funksjonsevne og einskilde minoritetsgrupper er særleg utsette for å verte støtt ut av arbeidslivet. Vi vil styrke inkluderingsdugnaden og gi personer med nedsatt funksjonsevne mulighet til å delta i samfunnet på lik linje med sine medmennesker, blant annet ved en kraftig forbedring av ordningen med Brukerstyrt Personlig Assistent (BPA).
Alle born fortener ein trygg og god oppvekst. Vi må difor framleis ha eit stort fokus på tidleg innsats i både barnehage, skule og det etablerte hjelpeapparatet. Etter to år med pandemi ser vi no at mange unge slit med den psykisk helsa. Dette må møtast med tiltak.
Rogaland KrF vil:
- Sikre eit velferdssystem med universelle ordningar som omfattar heile befolkninga og som sørgjer for at alle som ikkje har moglegheit til å arbeide har ei anstendig inntekt.
- Motverke einsemd hjå eldre gjennom å skape møteplassar, styrke samspelet mellom generasjonar og utnytte eldre som ein ressurs.
- Auke fokuset på tidleg innsats i skule og barnehage, for å kunne sette inn ressursar på sårbare born så tidleg som mogleg.
- At familiar med hjelpebehov må bli møtt med forståing, organisert og tillitsbasert hjelpetiltak i sitt nærmiljø som støtte og hjelp for familien.
- Gjennom frivillige og ideelle aktørar leggje til rette for at alle barn får delta i organiserte fritidsaktivitetar uavhengig av økonomi.
- Forsterke innsatsen for å inkludere og integrere innvandrarar og minoritetsspråklege i det norske samfunnet.
- Senke terskelen for unge til å oppsøke hjelp ved å innføre ein oppstartssamtale med helsesjukepleiar for elevar på ungdomstrinnet og i den vidaregåande skulen.
- Utgreie korleis vi kan styrkje det doble sosiale sikkerheitsnettet gjennom å supplere velferdsstaten sine ordningar ved innsats av familie, sosiale nettverk, lokalsamfunn og organisasjonar.
- Greie ut moglegheitene for å gje eldre hjelp til å meistre den digitale kvardagen gjennom omsorg og kompetanse frå kommunane si heimehjelpeteneste.