Regjeringa sine strakstiltak for å dempe dei økonomiske verknadane av koronaviruset

I dag la regjeringa frem dei fyrste økonomiske strakstiltaka i møte med virusutbrotet. Situasjonen i landet vårt er alvorleg, fyrst og fremst fordi koronaviruset har konsekvensar for liv og helse til menneske. Regjeringa har lagt fram desse tiltaka for å trygge jobbar og hjelpe bedrifter i ein krevjande situasjon.

Kjell Ingolf Ropstad og Erna Solberg på PK

– I går innførte regjeringa dei strammaste tiltaka vi har hatt i Noreg sidan 2. verdskrig. Det var naudsynt for å hindre ei vidare spreiing av Korona-viruset, seier KrFs finanspolitiske talsperson, Tore Storhaug

– Dette handlar fyrst og fremst om å sikre liv og helse. Det er det aller viktigaste. Jobb nummer ein er å avgrense smitta, seier han.

Økonomiske strakstiltak 

Kl. 12.30 i dag haldt regjeringa ein pressekonferanse der den fyrste pakka med tiltak for å møte situasjonen vart lagt fram. Dette er dei fyrste tiltaka for å sikre bedriftene og andre som blir hardt råka økonomisk.

– Vi skal ikkje gløyme bedriftene. Vi veit at det er krevjande tider. Vi på stortinget må gjere vårt for å sikre dei vedtaka som trengst i rett tid. Situasjonen har utvikla seg fort og det kjem stadig nye tiltak på ulike sektorar. Det betyr at diskusjonen om dei politiske tiltaka kjem til å halde fram, seier Tore Storhaug.

Tore Storehaug

KrFs finanspolitiske talsperson Tore Storehaug

 

Regjeringens pressekonferanse

Partileiar og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad deltok i dag på vegne av KrF i regjeringa sin pressekonferanse. 

Tiltaka dreier seg mellom anna om å kunne gi helsevesenet moglegheita til å kunne handtere situasjonen, til dømes ved å få tak i nødvendige legemiddel og medisinsk utstyr.

– Vi er no i ein alvorleg situasjon. Mange av oss er bekymra for å bli sjuke, eller om dei vi er glade i vil bli alvorleg råka. Mange er usikre på kva som skjer med jobben og inntektene sine, seier Kjell Ingolf Ropstad.

– Vi er heilt avhengige av å ta vare på bedriftene våre, og difor er det dei fyrste grepa som blir tekne no. Vi er budde på å ta fleire, sa partileiar Kjell Ingolf Ropstad i pressekonferansen.

No er tida for å vise at vi bryr oss og at vi er viljuge til å stille opp og hjelpe kvarandre.

– I ein kvardag som kan virke meir usikker og kaotisk er det desto viktigare at vi klarer å vise omsorg og varme ovanfor kvarandre. No er tida for å vise at vi bryr oss og at vi er viljuge til å stille opp og hjelpe kvarandre, seier Ropstad.  

Røe Isaksen, Ropstad, Solberg og Sanner

Foto: Eirin Larsen/SMK

 

Les alle tiltaka nedst i artikkelen.

Behandling i Stortinget 

Stortinget skal no setje seg saman og behandle regjeringa sine ekstraordinære strakstiltak. Dette er den fyrste av tre faser. Strakstiltaka er iverksette for å hindre unødige konkursar og oppseiingar. Vidare vil det kome endå fleire tiltak for bedrifter og bransjar som er særleg hardt råka.  

– No må vi alle støtte og hjelpe kvarandre. Vi er ein nasjon. Han treng samling no – i overført tyding, seier Storhaug.
– Stortinget jobbar så raskt ein berre kan for å få vedtatt dei tiltaka som er nødvendig til rett tid. Dette arbeidet er allereie starta og går gjennom helga.

 

Hugs, her finn du dei oppdaterte helseråda frå myndigheitene: https://www.fhi.no/sv/smittsomme-sykdommer/corona/

 

Regjeringa sine tiltak: 

  • Tiltak i helsevesenet for å handtere den akutte situasjonen.

  • Redusere talet på dager med lønsplikt for arbeidsgjevarar ved permittering frå 15 til 2 dagar og oppheve ventedagane for dagpengar for dei som blir permitterte. Samstundes reduserer ein kravet om reduksjon i arbeidstida for å kunne motta dagpengar under permittering frå 50 prosent til 40 prosent.

  • Endring i skattereglane, slik at bedrifter som går med underskot kan tilbakeføre underskotet mot beskatta overskot frå tidlegare år.

  • Endring i skattereglane, slik at eigarar av bedrifter som går med underskot skal kunne få utsetjing på betaling av formuesskatt. Dette vil gi likviditetshjelp til eigarar av slike bedrifter allereie i 2020 gjennom redusert innbetaling av forskotsstrekk.

  • Midlertidig oppheving av flypassasjeravgifta for flygingar i perioden frå 1. januar 2020 til og med 31. oktober 2020.

  • Midlertidig oppheving av alle lufthavnavgifter til og med 30. juni.

  • Forsterka stønad til kompetanseheving og bedriftsintern opplæring i bedrifter som vert råka av virusutbrotet gjennom auka rammetilskot til fylkeskommunane.

  • Auka løyving av skjønnsmidlar til kommunar som har hatt større meirutgifter i samband med virusutbrotet.

  • Endring i pensjonsreglane slik at løpande alderspensjon ikkje fell bort eller vert redusert ved friviljug eller beordra teneste for helsepersonell i samband med koronautbrotet.