Politikk? Kjeeedelig!

Portrettbilde av Hadle R Bjuland
Foto: Dag/ Bitmap

Politikk var mykje meir spennande før. Då Europa var delt i to, med ein mur midt gjennom Berlin, var dei politiske frontane tydelege og skarpe. Spionar, våpenkappløp og kald krig. Dei fleste såg vel føre seg at det skulle fortsetta slik inn i evigheten. Heilt til kommunismen kollapsa i 1989. Og sjølv om mange såg på kommunismen som eit spennande ideologisk prosjekt, har historia lært oss at menneskerettane og samfunnsstrukturane blei ofra i eit politisk spel.

Eg er fødd lenge etter at kommunismen i Europa falt. Men eg hugsar likevel når me lærte om korleis Rikskansler Kohl forente Tyskland etter mange år med splittelse. Kohl klarte det mange trudde var umogleg, han gjekk i dialog med den folkevalte statsministeren til DDR og dei klarte å bli samde om ein samarbeidsavtale. Mange snakka om «the end of history», ein politisk og økonomisk tilstand der kampen for demokrati og menneskerettar var vunnen. Eit fritt samfunn med utdanning og fri informasjonsutveksling ville gi oss fred og stabilitet.

Dei siste åra viser at stabilitet og fred ikkje kjem av seg sjølv, og ikkje blir oppretthalde utan målretta arbeid. Massedemonstrasjonar på begge sider av Atlanterhavet. Uro, misnøye og kritikk av den frie pressa har blitt daglegdags. Verkemidla har blitt sterke, og trugar folkestyret. Sosiale medier blir ein arena for dei spektakulære, utrulege, konspiratoriske og uansvarlege bodskapa. Lik og del, men ikkje ta ansvar for følgene.

Eg er oppvaksen på Jæren i ein syskenflokk på sju. Eg har hatt ein veldig god oppvekst og ein viktig årsak til det var at eg lærte tidlig å arbeida. Eg starta som avløyser som 13 åring og det gav meg verdifulle erfaringar. Eg forstod viktigheten av å ta ansvar, måka skit men samtidig finna gode løysningar får både dyra og meg.

For meg er politikk å finna løysingar, ikkje skapa splid. I starten av corona-pandemien er eit godt eksempel på på det, der både venstre- og høyresida klarte å leggje kjepphestane tilsides får å komma fram te best mogleg løysingar for innbyggjarane. Det blir sagt at i USA er det lite kjennskap og vennskap på tvers av parti-grensene. Ein republikanar har få eller ingen demokratiske vener, og forståinga på tvers av partia blir prega av dette. For meg er det viktig å kunne samarbeida, forstå og finna løysingar.

Noreg har lang tradisjon for å dela kunnskap med resten av verda. Det skal me fortsetta med, for me har ein viktig kultur for samarbeid som er verd å dela. «Hvis alle land forsøker å by over kvarandre i kampen for vaksiner, skapar me eit umoralsk løp mot avgrunnen», seier utviklingsminister Dag Inge Ulstein (KrF). Når verda skal vaksinerast mot COVID-19, er Noreg sentrale i dette arbeidet. Ikkje fordi me er best på kjøleteknologi eller har dei største vaksinelaboratoria, men fordi det å sjå seg sjølv som ein liten del av eit stort fellesskap, skaper godt samarbeid.

Som sentrumsparti er KrF ei del av limet i norsk politikk. Det inneber å finna gode, langvarige løysingar for samfunnet. Av og til betyr det å seia nei, som då fleirtalet på Stortinget ville bygga gasskraftverk. At sentrumspartia den gongen valgte miljøpolitikk framfor regjeringsmakt var starten på eit nytt kapittel i norsk politisk historie. Og no leverer sentrum-høgre-regjeringa miljøtiltak som er heilt i tråd med det KrF kjempa for i 2001.

Dei neste åra må me klara å kutta klimautslepp samtidig som me skapar endå fleire jobbar. Me bur på ei jordklode som stadig blir varmare og som utløyser meir ekstrem vær, spesielt for dei aller fattigaste. Me treng ei grønn omstilling i alle sektorer som dei fleste partia er einige om, det store spørjemålet er kva for noko løysingar bør me bruka. Desse diskusjonane er altfor viktige til symbolpolitikk og konstruerte konfliktar. Me bør heller ha diskusjonar som fører oss nærare ei felles og god løysing.

I ein verden der mykje er usikkert, er stabilitet ein viktig verdi. Her heime har korona-pandemien prega heile samfunnslivet i snart eitt år. Då skulane måtte omstilla seg på kort varsel, var det heilt avgjerande å ha mange lærarar. Då KrF fekk gjennomslag for lærar-normen i 2018, var det ikkje fordi me forventa ein pandemi, men fordi tilstrekkeleg med fagfolk er nødvendig for å følga opp elevane.

For næringslivet er det nødvendig med gode avtalar på tvers av landegrensene. Då EØS-avtalen mellom Noreg og EU blei innført i 1994 var det mange som meinte at det kun var KrF som ville ha denne avtalen. EØS blei av mange karakterisert som eit kompromiss som raskast mogleg burde bli erstatta med EU-medlemskap eller handelsavtale. Men i 27 år har no EØS vore ein bærebjelke i norsk utanriks- og handelspolitikk. Det er nok ingen som feira 27-årsdagen for EØS den 1. januar 2021, og sant å seia er EØS-avtalen kjedelig og full av kompromiss. Men for min del er det heilt greit at avtalen er kjedelig, så lenge avtalen bidrar til å sikra norske bedrifter og arbeidsplassar.  

Eg trur på det å bygga stein på stein, både heime og ute. Eg trur på det kjedelige arbeidet, som må gjerast om at og om att, fordi det aldri kan gjerast ein gong for alle. Det veit me på Jæren alt om.

Skrevet av Hadle Rasmus Bjuland, andrekandidat på Rogaland KrFs stortingsliste