Laurdag 25. januar deltok tre representantar i frå Volda og Ørsta på KrF sitt ekstraordinære landsmøte på Gardermoen. Henning Holsvik frå Volda var utsending og ørstingane Torgeir Krøvel-Velle og Hjørdis Almelid Vikenes var observatørar. Vidare deltok alle tre på Landskonferansen laurdag og søndag.
– Som førstereisgut til landskonferansen i KrF hadde eg uklare forventningar til kva eg gjekk til. Eg vart svært overraska over kor godt organisert alt var. Eg var so heldig å ha med meg KrF-veteranen Hjørdis som reisefølgje. Då eg ikkje har vore så involvert i politikken tidlegare, var landskonferansen svært informativ i forhold til dei store linjene i Kristeleg Folkeparti. Eg har óg fått stifta nye bekjentskap noko som kan kome godt til nytte i det vidare politiske engasjementet mitt. Dette var ei fole kjekk og givande konferanse, som eg gjerne vitjar igjen om molegheita byr seg, seier Torgeir Krøvel-Velle.
Henning Holsvik har vore på mange samlingar både i KrFU og i KrF.
– Det er alltid kjekt og motiverande å møte andre eldsjeler i partiet. Ikkje minst ungdomen i KrFU har ein energi som er til inspirasjon for resten av partiet. Sjølv om eg har vore med fleire gonger tidligare, er påfyll av ny kunnskap og politikk alltid nyttig og kjekt. Og ein får ein ny giv å ta med seg vidare. Å møte og prate med partifeller gjennom mange år er alltid kjekt, og ein får høve til å utveksle idéar frå andre kantar i landet på ny politikk som kan vere aktuelt lokalt. Vi fekk presentert ny og spennande politikk som eg har tru på vil vere aktuelle i tida framover. Programarbeidet pågår fortsatt, og endelig program kjem til å tilby fleire løysingar på problemstillingar vi ser i samfunnet. Desse konferansane gir eit nødvendig og gledelig påfyll med politisk engasjement både lokalt og nasjonalt, seier Henning Holsvik.
– Å få delta på sentrale samlingar er alltid inspirerande. Då får ein høyre ulike foredragshaldarar både interne og eksterne, og ein får sett på ulike sider av det å vere politikar. I tillegg treffer ein gamle kjenningar, og får nye vennar rundt om i landet. Olaug Bollestad fekk velfortent ros frå mange hald på samlinga, og ho kom med gode råd til oss alle for det vidare arbeidet. Det vert ein spennande valkamp. Vi har fått ny logo, eit nyvalt leiarteam og vi har fått mange nye medlemer både i KrF og i KrFU. Vi må arbeide godt vidare på alle plan i partiet i det som kjem til å verte ein spennande valkamp, understrekar Hjørdis Almelid Vikenes.
Måndag 27. januar var det felles årsmøte for Volda og Ørsta KrF i Volda. Der kom Renate Giske i frå Giske på besøk, og ho fortalde om arbeidet som er gjort så langt med eit nytt stortingsprogram for 2025-2029. Ho har som representant for KrF Kvinner vore med i programkomiteen for stortingsprogrammet. Dette programmet er no ute på høyring, og skal vedtakast på det ordinære Landsmøtet til KrF i Bergen i april.
Etter årsmøta er styra i Volda og Ørsta samansett slik:
Ørsta KrF med leiar Trond Vartdal og styremedlemene Torgeir Krøvel-Velle og Hjørdis Almelid Vikenes (gruppeleiar), med Jenfrid Vikenes som vara (KrFU). Volda KrF med leiar Inge Bruheim, kasserar Margrete Bjerkvik, nestleiar Henning Holsvik og styremedlemene Arild Iversen og Jørun Knardal