Fellesuttale om Mork rehabiliteringssenter i Volda

Frå årsmøta i Ørsta og Volda 2023
Volda KrF og Ørsta KrF var samla til felles årsmøte i Ørsta 31. januar, med besøk av KrFU-leiar Hadle Rasmus Bjuland (-framme til h.) Foto: Privat


Felles uttale frå Volda KrF og Ørsta KrF sitt årsmøte 31. januar 2023 

Til styret i Helse Møre og Romsdal – om Mork rehabiliteringssenter

Volda og Ørsta KrF støttar heilhjerta det engasjementet som både tilsette, fagpersonar, tidlegare pasientar og folk flest har vist rundt Mork rehabiliteringssenter.

Gode og trygge tenester er heilt naudsynte, også utanfor byane. Det er med vantru at ein nok ein gong skal måtte kjempe for rehabiliteringstilbodet på Mork.

Å flytte rehabiliteringstilbodet frå Mork vil ikkje berre ta vekk eit godt og unikt tilbod om spesialisert rehabilitering. Det vil også føre til tap av viktig kompetanse. Det er få, om nokon, av dei tilsette på Morksenteret som ser for seg å pendle til Ålesund på jobb, eller flytte. Denne kompetansen vil altså gå tapt, og det vil ta tid å bygge den opp igjen. Det er sjølvmotseiande å kutte i rehabiliterande behandling, samstundes som ein veit at behovet vil auke i åra framover.

Vi vil innstendig oppmode styret i Helse Møre og Romsdal til å utsette avgjerda om flytting av Mork Rehabiliteringssenter til Ålesund. Ta imot dei 5000 underskriftene og invitasjonen frå kommunane på Søre Sunnmøre om ei løysing for å bevare kompetansen og tilbodet ved Mork Rehabiliteringssenter i Volda slik det er skissert frå ordførarane i desse kommunane.

Felles uttale frå årsmøtet til Volda KrF og Ørsta KrF