10.11.2017 09:03 Tilbake til nyheter

Knut Arild Hareides tale til landsstyret

Her kan du lese hele talen. På KrFs Facebook-side kan du se Knut Arild Hareide tale til landsstyre.
Landssetyre24

Opptak av Knut Arild Hareides tale kan du se på KrFs Facebook-side. Nedenfor kan du lese talen.

Gode KrF-vener,

Onsdag kveld kunne NRK fortelle om norske ungdommer som blir «Sperret inne, slått og lenket fast». For første gong fortelfire norske ungdommer om livet på innsida av koranskoler i Somalia.

Den eine av dei, Noor, fortel at då ho kom til skulen henta rektoren kjetting, og lenkene blei festa rundt anklane hennar.

– De var tunge og harde. Det gjorde vondt å bevege seg, seier Noor. Ho fortel at hun måtte ha lenkene på seg i flere måneder.

Det er forferdeleg at slikt skjer.  Men det vil vera feil å seie at det kjem heilt overraskande. Når vi også veit at nokre av desse skulane kan vera ein arena for ein svært alvorleg radikalisering til bruk av vold og terror.

Det er behov for effektive tiltak for å hindra at elevar blir tatt ut av skulen og sendt til lange utanlandsopphald mot sin vilje. Barnevernet bør få klare retningslinjer for å prioritere oppfølging av slike saker og bli sett i stand til å gjere det gjennom ressursar og kompetanse.

Eg er glad for at regjeringa i går starta eit arbeid for å sjå på lovendringar – for å motarbeide at barn blir sendt ut av landet på koranskuler der ein kan bli mishandla.

Det er klare grenser for kva ein kan gjere innanfor religionens navn. Ingen er i tvil om at det som skjer her – kan ikkje aksepterast.

Talen fortsetter under bildet

Landsstyre 10.11.2017

 

Gode KrF-vener,

Seinare i dag skal vi snakka mykje om evaluering.

På Stortinget – i sjølve stortingskapellet – hadde vi besøk av ein herleg gjeng frå Evangeliesenteret.

Dei song og heldt andakt for dei frammøtte.

Fleire av dei fortalde sterke historier om eit lange liv med rus.

Dei takka særskilt KrF for støtta. Fordi KrF økonomisk har løfta eit tilbod som hjelpe mange av dei som det offentlege ikkje maktar å nå.

Ein av dei sette så godt ord på det: «Når du er på bunnen, så kan det bare gå en vei. Og det er: Bortover!»

Eg trur vi skal ta med oss desse orda.

Vi har den siste månaden prøvd å hente inn innspel frå så mange av medlemene i partiet som mogleg. Vi sa etter valet at vi skulle bruke god tid på evaluering – det har vi gjort.

Men vi sa òg at vi ikkje skulle grave oss ned.

Til det er KrFs rolle i norsk politikk for viktig. Og til det gav valresultatet vi fekk 11. september KrF for mange politiske moglegheiter. Vi må sjå framover og ha blikket festa på vegen vidare. Vi må nytta kunnskapen frå evalueringa til å ta dei riktige beslutningane framover.

Fædrelandsvennen skreiv i går føljande:

«Én av tre velgere byttet parti fra 2013 til 2017. Det kom denne gang et parti til gode som for bare fire år siden gjorde et rekorddårlig stortingsvalg. Så dårlig var det at en havarikommisjon ble satt ned. Den konkluderte med at partiet sto i fare for å forsvinne som et landsdekkende parti.»

Vet dere hvilket parti han snakker om? Jo, det var Senterpartiet – som nesten dobla Stortingsgruppa.

Eg har stor tru på at KrF og kan få til ein snuoperasjon.

 

KrFs alternative budsjett

Eg er stolt av å leie eit parti som i sitt alternative budsjett prioriterer slik at statsbudsjettet blir meir familievenleg, meir sosialt og grønare.

Dette var Kjell Ingolf Ropstads første budsjett. Han hoppa etter Wirkola. Eller Hans Olav Syversen som han heiter i vårt parti. Men for et strålande hopp du leverte, Kjell Ingolf.

Der familiane var budsjettaparar i regjeringa sitt framlegg, er dei budsjettvinnarar med KrF sitt forslag.

Lista over gode saker i budsjettet er lengre enn at eg kan ta den her no, men la meg likevel nemne noko:

  • Vi satsar på ei lærarnorm som gir fleire lærarar til dei som treng det mest.
  • Vi satsar på kvalitet for dei minste borna i barnehagen. Vi aukar barnetrygda. Vi utvidar foreldrepermisjonen med ei veke og gjer kontantstøtta meir fleksibel.
  • Vi prioriterer menneskeverdet, for eksempel gjennom solid løft for eingangsstønaden - blant anna for studentar som får barn
  • Vi aukar minstepensjonen for einslege minstepensjonistar med 4000 kroner.
  • Vi foreslår langt betre permisjonsordningar for tvilling- og fleirlingforeldre!
  • Vi reverserer usosiale kutt i dagpengane og til einslege forsørgjarar, og vi held på kommunane si støtteordning for multihandikappa, trafikkskadde og kronisk sjuke. Og vi held på skatteklasse 2.
  • Vi satsar på klimatiltak gjennom miljøavgifter som kan bidra til å vri forbruk og produksjon i grøn retning.
  • Vi satsar på ideell sektor, frivillige organisasjonar og sivilsamfunnet – i sterk kontrast til regjeringa sine smålege kutt.
  • Vi satsar på gang- og sykkelvegar.

KrF får også honnør for eit ansvarleg budsjett - der vi legg opp til ein redusert oljepengebruk på 2 milliardar kroner samanlikna med regjeringa sitt framlegg.

Vårt forslag er nøkternt. Det er konstruktivt. Det har tydeleg KrF-profil.

 

Pleiepenger

Ei sak eg vil nemne særskilt er pleiepengeordninga.

For nokre veker sida hadde eg gleda av å ha vitjing på Stortinget av deltakarane i TV-serien Søsken på TV2. Her møtte eg Elina og broren Pablo som set i rullestol. Ho blir spurt korleis det er å ha ein bror som set i rullestol, kor broren raskt bryt inn og seier: «Om dere lurer på hvordan det er å ha en lillesøster som kan gå, så kan det være ganske morsomt. Og litt irriterende.»

Deltakarane utfordra KrF særskilt på pleiepengeordninga. Regjeringa har utvida ordninga. Det støtta KrF. Men mot KrFs vilje har regjeringa:

  • Kutta i ordninga slik at etter ett år mottek foreldra kun 66% kompensasjon
  • Ordninga har aldersgrense på 18 år
  • Og maksimal varighet på fem år.

Dette blir ei viktig sak i budsjettet. Fordi KrF vil ha endringar:

  • Fordi foreldra gjer dette fordi dei ønskjer det beste for barna.
  • Dette er lønnsamt for samfunnet – vi sparar pengar på foreldra sin innsats
  • Det er ikkje ei trygdeordning. Men foreldra gjer ein jobb – ein jobb dei må kompenserast for.

Ikkje minst er eg stolt over at vi vårt alternative budsjett løftar vi perspektivet utover våre eigne landegrenser. Vi seier òg at Norge skal ta eit større ansvar for menneske på flukt – slik både Flyktninghjelpen og norske kommunar er einige om – ved å ta imot fleire kvoteflyktningar til Norge.

Vi vrir bistanden mot dei aller fattigaste. Vi aukar midlane til Afrika med over ein halv milliard.  Og vi løfter bistanden over 1 prosent. Ingen kan seie at ikkje KrF også vil hjelpa flyktningane der dei er.

Mitt tydelege bodskap til regjeringa er at vi forventar gjennomslag for eit meir familievenleg, meir sosialt og eit grønare budsjett!

 

Menneskeverd i sentrum

Det er viktig å tenke gjennom kva som gjer KrF unikt i norsk politikk. Kvifor vi fins. Kven vi er til for. Kva oppdraget vårt er.

For to veker sidan heldt filosofen Peter Singer Exphil-førelesinga 2017 ved Universitetet i Oslo. Han tar dei ærlege konsekvensane av eit menneskesyn som seier at alle menneske ikkje nødvendigvis er like mykje verd.

Til Klassekampen seier han følgjande:

«[…] hovedproblemet med menneskeverdet er at jeg ikke tror det å være medlem av menneskearten bør gi deg spesielle rettigheter på bekostning av andre arter. Slik det er i dag, ser man på livet til et spedbarn med store hjerneskader, uten selvbevissthet, uten mulighet til å reflektere, som mer meningsfullt å redde enn et intelligent dyr.»

Seinare spør journalisten han: «Når mener du det er ok å ta menneskeliv?». Singer svarer:

«Terskelen bør være høy, men det bør la seg gjøre. […] når et barn fødes med alvorlige misdannelser og har store lidelser i vente […], mener jeg det er moralsk riktig å ta livet av barnet.»

Dette kjem frå ein person som blir hylla av veldig mange ellers oppegåande menneske. Nyleg vart han invitert til universitetet i Oslo.

Er nokon framleis i tvil om at det er behov for eit parti som vil stå opp for menneskeverdet og livet? Å kjempe for menneskeverdet er ikkje verken irrelevant eller gamaldags. Likeverdet er skjørt . Norge og verda treng fleire politikarar som står opp for menneskeverdet kvar einaste dag, og det skal KrF!

 

Nye politiske initiativ

Vi sa at vi skal bruke den posisjonen veljarane gav oss i Stortinget til å sette vår agenda og med å kome med politiske initiativ. Og det skal vi gjere.

Eg har plukka ut nokre av dei politiske initiativa vi skal ta i tida framover.

 

Klima og miljø

La meg byrje med det området der mange unge veljarar eg møtte i valkampen etterspurde ei tydelegare KrF stemme – nemleg klima- og miljøpolitikken.

Ingen seier at KrF ikkje er opptatt av klima eller miljø. Men det blir hevda av enkelte at det dei siste åra har vore ei arbeidsdeling mellom Venstre og KrF, der Venstre har tatt seg av klima medan KrF har tatt seg av fattigdomsbekjempelse i Norge og internasjonalt.

Dette er ei myte – korkje Venstre eller Krf kjenner seg igjen i. Men berre det at dette inntrykket har fått feste, må vi ta på djupaste alvor. Vi kjem til å trappe opp vår klima- og miljøinnsats.

KrF har alltid vore eit klima- og miljøparti.

KrF skal framleis vere eit klima- og miljøparti.

For å vere eit klima- og miljøparti kan vi ikkje nøye oss med å minne om at vi var det partiet som hadde ein statsminister som for første og einaste gong i verdshistorien har gått av ei klimasak. Ei sak som ettertida har vist at KrF hadde rett i.

Verda har to store utfordringar. Den eine er fattigdom. Den andre er klima.

Løyser vi ikkje desse utfordringane risikerer vi å la dei fattigaste og mest sårbare menneska i verda ta belastinga. Det er dei som etter alle prognosane kjem til å tape mest på klimaendringane. Dei vil få rekninga for vårt overforbruk.

Klima- og miljøpolitikken er eit samvits- og verdispørsmål. Det handlar om kva vi vil gje vidare til neste generasjon. Det handlar om forvaltarskap.

Eller som ein liten gut som eg kjenner sa når han blei spurt om kvifor det var viktig å ta vare på kloden vår: ”Fordi ellers kan den falle ned”.

Eg vil med gong understreke at dette ikkje var Tore Storehaug frå Sunnfjord.

Det første vi gjorde etter valet var nemleg å putte ein av våre mest framstormande og energiske politikarar inn i energi- og miljøkomiteen på Stortinget, Tore Storehaug.

Eg vil skildre han som ein rakett av den utsleppsfrie sorten!

 

Framover vil vi ta fleire klima- og miljøpolitiske initiativ. La meg peike på to av dei her.

Lågare forbruk

KrFs politikk for eit lågare forbruk er vel kjend. Vi står fremst i kampen for matkastelov i Norge. Vi er fremst i heiagjengen for gjenbruksstasjonar, second-hand-butikkar og gründerar som vil gjere seg nytte av bruktmarknaden!

Vi som er kristendemokratar har alltid bygt på eit samfunnsyn som ikkje er materialistisk. Menneske er meir enn konsumentar og forbrukarar – vi er heile menneske.

Så når Fremtiden i våre hender nylig gav ut ein rapport om politikk for eit grønare forbruk, lyttar KrF til det.

Før jul kjem eit forslag i Stortinget frå oss som handlar om korleis ein kan bidra til å vri forbruket i ein meir berekraftig og grønare retning. Slik kan vi realisere FNs bærekraftsmål – som nettopp krever ein omlegging til en meir berekraftig produksjon og forbruk.

For å illustrere dette kan vi bruke ei historie om dei kjende økonomane Wilhelm Röpke og Ludvig von Mises. Tyskaren Röpke var kristendemokrat, medan von Mises var liberalar. Ein ettermiddag like etter andre verdskrig spaserte dei to forbi ein kolonihage i Geneve. Liberalaren betrakta verksemda i kolonihagen med ei skeptisk mine og gav uttrykk for at dette var ein særs ineffektiv måte å produsere matvarar på. «Kanskje det», svarte kristendemokraten Röpke og sa vidare. «Men det er også ein særs effektiv måte å produsere menneskeleg lukke på».

Gode KrF-arar, livet er meir enn effektivitet og forbruk.

 

Grøn skipsfart

Eit anna initiativ vi vil ta for ein meir offensiv klimapolitikk. Norge er ein av verdas største skipsfartsnasjonar med internasjonalt leiande aktørar i verdikjeda. Vi har vore i front sidan skipsfartens spede byrjing.

Vi var i front når vi gjekk frå segl til damp, frå damp til diesel, og skal være i front når vi går frå diesel til lav- og nullutsleppsteknologi.

For Norge ligg det ei gedigen moglegheit i at norsk maritim industri har blitt verdsleiande på utslippsfrie maritime løysingar gjennom utviklinga som har skjedd med nullutsleppsferger.

Det er ingen tvil om behova. Globalt er utsleppa frå skipsfarten nærare 1 milliard tonn CO2. Desse utsleppa vil ikkje gå ned viss ikkje vi stiller krav, og gir rammevilkår som stimulerer til å velje lav- og nullutslepp når nye fartøy byggast. Næringen sjølv har vist initiativ, og her må også politikarane på bana.

Før jul vil KrF fremje eit initiativ i Stortinget der vi vil løfte den norske satsinga på grøn skipsfart. Vi kjem til å føreslå mellom anna:

  1. Etablering av nullutsleppsfjordar
  2. Krav om at båtar som ligg i hamner nytter seg av landstrøm og innføring av ei skikkeleg miljødifferensiering av hamneavgiftene
  3. Staten må bidra økonomisk slik at alle fylka gjennomfører stortingsvedtaket om krav til nullutslepp (og lågutslepp) for alle nye anbud på ferjer og hurtigbåtar
  4. At den nye låne- og garantiordninga for kjøp av skip frå norske verft gis garantiramme på 10 milliardar kroner i 2018 og innrettast slik at den gir betre vilkår for skip med fornybart drivstoff og nullutsleppsteknologi

Vestlandet har slitt etter fallet i oljeprisen. Noko av det samme kan vi seie om KrF også den siste tida. Eg har tru på ein ny vår for begge – grønare energi og eit grønare KrF - og trur klimapolitikken skal vere ein del av løysinga.

Neste veker reiser eg til klimatoppmøtet i Bonn. Der vil eit av mine hovudbodskap vere korleis Norge kan bidra til å grønvaske skipsfarten.

 

Ein heilskapleg religionspolitikk 

Kristen tru og arven frå kristendommen har lenge vore eit stødig fundament for landet vårt. I dag ser vi at livssynslandskapet er i ferd med å endre seg ganske dramatisk.

Alle har eit eller anna livssyn. Derfor er heller ingenting nøytralt.

Den misforståtte tanken om sekularismen som «nøytraliteten», er i ferd med å skyve religiøs tru ut frå fellesarenaene våre.

I dag er samfunnet mykje meir mangfaldig og samansett enn nokon gong. Vi lever side om side med mange religionar og livssyn. Då treng vi både å løfte fram vår eiga historie og tru som er ein kjerneverdi i det norske samfunnet og som har bygga den norske kulturen til kva den er i dag. Samstundes som vi må møte kvarandre i det offentlege og det private utan frykt og fordommar, men med openheit og varme.

Den farlege nøytralitetstanken kjem for eksempel til syne i måten julegudstenestene blir diskutert og problematisert kvart år så snart julebrusen er på plass i butikkhyllene.

Ei heilt sentral oppgåve for KrF framover er den politiske trygginga av trua sin plass i samfunnet vårt.

Deretter er det viktig for KrF at me framleis reiser eit tydeleg vern av arven frå kristendommen. Dette handlar først og fremst om det grunnleggande menneskeverdet for alle, men det handlar og om tilstrekkeleg kristendomskunnskap i skulen, samvitsfridom i arbeidslivet, framleis statsstøtte til trussamfunna og søndagen som annleisdag.

Vi ser òg ein framvekst av den religiøse berøringsangsten, mellom anna uttrykt gjennom Human-Etisk Forbund.

KrF-stemma på dette området kjem til å bli endå tydelegare dei neste fire åra. For partiet kjem dette til å vere eit særleg prioritert område.

Vi vil ha eit samfunn der barna våre slepp å vekse opp med konstant berøringsangst for tru og religion!

Derfor meiner vi det er nødvendig med ein gjennomgang av kva plass religion, etikk og verdispørsmål har i høgare utdanning og forsking. Vi kan ikkje utdanne folk til arbeid i skule, helsevesen eller næringsliv som ikkje har kunnskap om og forståing av trua sin betyding i mange menneske sine liv.

Vi treng psykologar, sjukepleiarar og lærarar som møter sine pasientar og elevar som heile menneske. Og då nyttar det ikkje å krevje at folk skal legge igjen trua si heime.

Derfor vil eg no varsle at KrF til våren kjem til å presentere ein heilskapleg religionspolitikk som tar utgangspunkt i at mennesket si gudstru ikkje har verken aldersgrense eller utløpsdato. Det betyr at vi vil fremme forslag som kan sikre mulegheitsrom for trua for både liten og stor. Slik skal me bekjempe den veksande religiøse berøringsangsten, som kan ivareta arven frå kristendommen og kunnskapen om denne for komande generasjonar.

Sjølv om kampen mot berøringsangst for religion og tru er ein viktig kamp for Krf, så er framleis trusfridom ein sjølvsagt ting i her til lands. Men for millionar av menneske er situasjonen ein heilt annan. Tidlegare i veka fekk eg gå i fakkeltog for dei som er forfølgde pga trua si. Kjell Ingolf Ropstad sa i sin appell følgjande:

«Det sies at gruvearbeidere i gamle dager benyttet en kanarifugl som «nødvarsler». Et bur med en kanarifugl hang i gruvegangen, og da den sluttet å kvitre var det slutt på surstoff, og gruvearbeiderne måtte komme seg ut…

Trosfriheten er en slik kanarifugl i våre samfunn.

Et regime som ikke respekterer trosfriheten, vil snart også stramme inn på ytringsfrihet, pressefrihet og forsamlingsfrihet.

Undertrykkelse av tro er en gift som kveler et samfunn.

Det er denne giften vi sammen står opp mot i dag.»

 

Seksårsreformen

Denne hausten gjekk det 20 år sidan seksåringane gjekk inn skuleporten for første gong.

Når vi i dag ser at reforma – slik vi frykta - har ført til at seksåringar vert pressa inn i eit system basert på skulen sine premiss med fokus på skulefag, testing og prestasjonar er eg ikkje i tvil om at KrF dessverre fekk rett.

Vi protesterte det vi kunne mot at seksåringar skulle bli tatt ut av leiken og inn i skulen, men fleirtalet av Høgre og Arbeidarpartiet ville ha seksåringane i skulen. Vi meinte reforma ville føre til mindre leik utan at det ville bety meir læring.

Det er ikkje for å sei ”kva var det vi sa” at eg no tar dette opp.

Barn skal lære og utvikle seg, men dette må skje på barnet sine premissar og ikkje på premissane til skulesystemet.

I dag ser vi at seksåringar som møter opp med ny ransel og pene klede fulle av energi og lærelyst blir møtt av dyktige og omsorgsfulle lærarar som vil gjere sitt beste, men som på grunn av systemets krav og mål må ta barna ut av leiken og opp på skulebenken. Dette skjer trass i at premisset i 1997 var at det første året skulle vere prega av nettopp læring gjennom leik.

Når vi veit at barn lærer gjennom leik og at mange barn kan synast det er vanskeleg å sitte stille lenge så er eg ikkje i tvil om at denne reforma fører til fleire barn som føler at dei ikkje strekk til.

Seksåringane treng å lære gjennom leik. Det skal  være gode læreplanar og kompetansemål, men desse skal vere på premissane til barna og sørge for at barna opplever meistring og får meir lyst til å lære.

Margreth Olin seier: «Leik er arbeid i barndommens rike»

Kritikken mot seksårsreforma er også fagleg fundert. Peder Haug, professor i pedagogikk ved Høgskulen i Volda, har sagt følgjande:

«Internasjonal forskning har vist at hvis man utsetter barn for tidlig for strukturert læringspress og voksenstyrte systemer, så vil det ikke fungere så godt for mange. Dette ser ut til særlig å ramme gutter, som modnes senere enn jenter både fysisk, sosialt og intellektuelt, samt de barna som er født sent på året. De yngste førsteklassingene er bare fem år og sju måneder når de begynner på skolen»

 

Gode KrF-arar, leik er ikkje eit hinder for læring.

Viss skulen skal førebu barn og unge på framtidas arbeidsliv, må dei få leike meir.

Det seier Utdanningsforbundet. Det seier næringslivet. Og det seier KrF.

Det er våre barn dette handlar om.

No er det på tide at vi tar ei skikkelig evaluering, at vi får konsekvensane på bordet og gjer nødvendige endringar.

Derfor vil KrF før jul fremme forslag om at det utarbeidast ei stortingsmelding basert på ei grundig evaluering av seksårsreforma.

 

Frivillegheitsløft for bedre integrering

Det siste initiativet eg vil varsle i dag, handlar om å få til eit frivillegheitsløft for å integrere betre.

Den siste tida har vi fått fleire alarmerande tal på integreringsfeltet.

  • I den siste fireårsperioden auka talet på innvandrarar som fekk sosialhjelp med 30 prosent
  • Ein stor del av dei innvandrarane som er på introduksjonsprogrammet ser ikkje ut til å få nok nytte av programmet.

Dette er alvorleg. Men moglegheitene er her.

Andre og tredje generasjons innvandrere nyttar faktisk mindre sosialhjelp enn etniske norske. Det viser at integrering nyttar. Spørsmålet er: Kan vi lykkes med betre med integreringa også for første generasjons innvandrere?

Desto meir tankevekkande er det å høyra høgrepopulistar frå Sverige, Finland og Danmark bruke fellessesjonen i Nordisk Råd til å kjempe mot integrering.

Alternativet til integrering er eit dårlegare samfunn og dårlegare livskvalitet for dei som ikkje blir integrert. Og for oss alle. Det kan vi ikkje akseptere.

KrF trur samfunnet må byggast nedanfrå. At staten ikkje kan eller bør gjere alt alle stader alltid. At det er folk i små fellesskap som best løyser utfordringane tettast på seg. Skal ein integrerast, må det skje i eit lokalsamfunn.

Derfor trur vi frivilleg innsats er ein større del av svaret, også i integreringspolitikken. Medan regjeringa har kutta i støtta til den frivillige innsatsen, også på integreringsfeltet, skal vi auke den.

Menneske treng å bli integrert i små fellesskap for å fungere i det norske samfunnet.

Derfor må vi flytte makt bort frå byråkratane og over til dei menneska som skal bry seg.

 

Ei som bryr seg og kan dette er vår dyktige nye kommune- og integreringspolitikar Torhild Bransdal.

Vi må spele på lag med privatpersonar, lag og foreiningar som kan ta større ansvar for flyktningane som kjem hit. Sivilsamfunnet kan gje vegleiing og nettverk til flyktningen som det offentlege ikkje kan.

I land som Canada og Australia er dette ein mykje større del av integrerings- og flyktningpolitikken. Der kallar dei det sponsorprogram for kvoteflyktningar.

Der er det slik at ein person, ei gruppe eller ein organisasjon kan ta på seg ansvaret for å gje økonomisk og sosial støtte til ein flyktning eller ein flyktningfamilie. Ansvaret gjeld for ein avgrensa periode, eller til flyktningen blir sjølvberga.

Vi trur òg det er fleirtal for å la frivillige få større del av integreringa av dei som kjem til Norge, og at det kan leggast betre til rette for at dette kan skje enn i dag.

Derfor vil KrF ta et nytt initiativ: Før jul fremmer vi eit forslag. Det vil handle korleis privatpersonar, frivillige lag og organisasjonar kan gjere meir i integreringsarbeidet. Vi vil ha eit sponsorprogram. Vi vil lykkes med integreringa.

 

Gode KrF-arar,

Førre gong eg heldt tale til landsstyret, skreiv Kjetil B. Alstadheim i DN at eg brukte telepromptarane til talen min, og han skreiv «viss ikke var det ikke godt å vite hva som kunne skje».

For ein som leiar eit sentrumsparti er det alltid veldig vanskeleg å drive på å skjegle både til høgre og venstre. Då er det betre å ha blikket festa rett fram.

KrF er eit parti i opposisjon. Vi er tilbake til det som har vore regelen – meir enn unntaket i norsk politikk – der mindretalsregjeringar må hente skiftande støtte i Stortinget.

Vi har gjort våre val.

De står seg godt.

I tida framover kjem KrF til å rekke ut ei hand til alle parti som ønsker konstruktivt samarbeid.

For oss vil ikkje fargen på partilogoen vere det avgjerande, men kva politikk vi kan få gjennomslag for.

KrF skal bruke vår posisjon i Stortinget med ansvar og klokskap.

Veljarane skal sjå KrF som det unike partiet vi er i norsk politikk.

Eit kristendemokratisk sentrumsparti.

Det skal vi vise kvar dag gjennom jobben vi gjer.

For ein skole som ser og hjelper den einskilde

For eit samfunn som tar vare på sine røter og sin kristne kulturarv.

For familianes valfriheit

For dei fattigaste, mest sårbare og utsette

For det ukrenkelege menneskeverdet.

Og jobben byrjar no. Og det er ikkje heilt slik som vår gode venn frå Evangeliesenteret sa. Det kan gå bortover – men det kan også gå oppover!

Takk!