10 gode grunnar til å røyste KrF

Det finst mange gode grunnar til å røyste KrF. Her er 10 av dei:

Portrett av Knut Arild Hareide
Knut Arild Hareide

Verdiar som varar

KrF vil ta vare på den kristne kulturarven. Kjenner vi røtene våre, er vi også tryggare i møte med nye menneske og kulturar. Menneskeverd, nestekjærleik og forvaltaransvar er verdiar å byggje framtida på. Det er verdiar som held.

Tid og valfridom til familien

Familiar må få meir tid til kvarandre. Barn er ulike, og familiar er ulike. KrF vil gje valfridom og fleksibilitet til å organisere kvardagen med gode barnehagar, betre kontantstøtte, ei betre barnetrygd og permisjonsordningar som gjev tid til barna.

Meir tid til kvar elev

KrF vil lovfeste at det skal vere maksimalt 15 elevar per lærar i småskulen, så fleire blir sett. Skulen skal vere ein arena for kunnskap, men evne til samarbeid og gode verdiar er òg viktig for å meistre livet. Vi vil ha fleire yrkesgrupper inn i skulen og halde fram kampen mot mobbing.

Menneskeverd i alle fasar av livet

Alle menneske er like mykje verd. Ingen skal bli sortert bort! KrF seier nei til tvillingabort og ja til betre hjelp og stønad til dei som får barn som treng ekstra hjelp. Vi vil betre omsorga i den siste fasen av livet og seier nei til aktiv dødshjelp.

På lag med dei som treng det mest

Vi vil jobbe for eit inkluderande arbeidsliv der alle får bruke skaparevnene og talenta sine. Ingen skal bli gitt opp! Vi vil bidra til aktiv integrering av flyktningar og innvandrarar. Vi vil gje gode tilbod om hjelp for dei som slit med rus eller psykisk helse. KrF vil kjempe mot vald og overgrep mot barn.

Verdig alderdom

Eldre er ein stor ressurs for samfunnet og skal kunne leve sjølvstendige, aktive, trygge liv og halde seg friske så lenge som mogleg. Når trongen etter hjelp melder seg, skal eldre få tilbod om helsetenester, eigna buform og anna støtte. 

Levande distrikt

KrF vil ta heile landet i bruk! Vi vil kjempe for eit livskraftig landbruk, tryggare vegar og betre transportløysingar, og meir utbygging av breiband. Statlege arbeidsplassar må bli fordelt over heile landet.

Verdiskaping og skaparkraft

KrF vil leggje til rette for ny skaparkraft. Næringslivet og norsk eigarskap må bli gitt rammevilkår som kan sikre arbeidsplassane og leggje grunnlag for nye. Vi vil fjerne skatt på arbeidande kapital. KrF vil ha gode ordningar for næringsutvikling og gjere det enklare å starte nye verksemder.

Ein offensiv klimapolitikk

Noreg må ta ansvaret sitt for å redusere klimaendringane, både ved å kutte i utsleppa nasjonalt og å bidra aktivt internasjonalt. Vi må intensivere omlegginga til nye fornybare energikjelder. Vi skal verne om sårbare område. KrF seier nei til oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja.

Nestekjærleik utan landegrenser

Vi må aldri bli oss sjølv nok! KrF står i front i kampen mot menneskehandel – slaveriet i vår tid – både i Noreg og internasjonalt. Vi har eit ansvar for å hjelpe dei fattige og forfølgde i verda. KrF vil auke innsatsen for internasjonal rettferd.

 

 10 gode grunnar til å røyste KrF 2017 (PDF, 1683 kB) 

 Last ned dokumentet på bokmål (PDF, 1691 kB) her