Norge si pådrivarrolle mot atomvåpen

Norge bør støtte initiativa for ei meir atomvåpenfri verd på FN si generalforsamling, uttalar KrF sitt sentralstyre.

Skilt med radioaktivt stoff med strek over

Då Pave Frans tala til FN si 70. generalforsamling i New York, avviste han tanken om kjernefysisk avskrekking og sa at atomvåpen bør bli forbode. Førstekomiteen på generalforsamlinga starta torsdag, og det er venta at det blir forhandlingar og voteringar om minst fire resolusjonar relatert til arbeidet med for ei atomvåpenfri verd og kjernefysisk nedrusting.

Dei fire resolusjonane er viktige bidrag til å bevare dynamikken i det humanitære initiativet som norske styresmakter starta i Oslo i 2013. Voteringane om desse resolusjonane vil tydeleggjere kva land som tar eit globalt ansvar for å få til framgang i det fastlåste internasjonale klimaet for kjernefysisk nedrusting, og kva land som bidreg til status quo.

Det vil vere eit negativt signal ovanfor det humanitære initiativet viss Norge stemmer nei til desse resolusjonane eller avstår frå å stemme.

KrF forventar at Regjeringa tar omsyn til stortingsfleirtalet sine merknader frå vårens debatt i Stortinget om Norge skulle støtte eit internasjonalt forbod mot atomvåpen gjennom «The Austrian Pledge». Merknadane frå stortingsfleirtalet peika mellom anna på at Norge skal spele ei pådrivarrolle for eit forbod mot atomvåpen.

Sentralstyret i KrF forventar at regjeringa følger opp merknader frå eit fleirtal i Stortinget, slik det er parlamentarisk tradisjon for i Norge.

 

Vedteke av KrF sitt sentralstyre 15. oktober 2015

 

Informasjon om dei fire resolusjonsforslaga på FN si generalforsamling:

1)      Joint Statement Resolution: Denne resolusjonen er basert på det såkalla fellesinnlegget om atomvåpen sine humanitære konsekvensar, som Norge som ein del av 16-landsgruppa har vore  initiativtakar til og med på sidan det første fellesinnlegget i 2012 og fram til oppslutninga hadde auka  til 159 på Ikkjespreiingsavtala sin tilsynskonferanse våren 2015. Formålet med å gjere om dette fellesinnlegget til ein FN-resolusjon er å få eit formelt FN-vedtak om det humanitære perspektivet på atomvåpen.  

2)      Pledge Resolution: Heile 119 land har no slutta seg til det såkalla humanitære løftet om å stigmatisere, forby og avskaffe atomvåpen (Humanitarian Pledge, tidligare Austrian Pledge). Austerrike, Mexico, Irland og Sør-Afrika fremjar no dette løftet som ein FN-resolusjon. Dette er eit nytt høve for Norge til å vise verden at også vi vil samarbeide med andre land og bidra i arbeidet for å stigmatisere atomvåpen og fylle holet i internasjonal rett der det manglar eit forbod mot denne våpenkategorien, med sikte på full avskaffing.

3)      Negotiations resolution: Ein internasjonal prosess for å forby atomvåpen ventast å starte opp. Eit viktig skritt på vegen er FN-resolusjonen “Taking forward multilateral nuclear disarmament negotiations», som inneheld eit mandat for ein såkalla open-ended working group i Genève for å forhandle med sikte på å få einighiet om konkrete effektive juridiske tiltak for å oppnå kjernefysisk nedrusting. Mexico står bak denne resolusjonen. 

4)      Ethical imperatives for a nuclear weapons free world: Sør-Afrika står bak denne resolusjonen, som bygger på Nelson Mandela si arv og moralske argument som det siste året er formulert av Vatikanstaten. Den inneheld eit solid fokus på statar sitt nasjonale ansvar for å beskytte befolkninga si mot atomvåpen-detonasjonar og for å handle raskt for å få til nye juridisk bindande tiltak for å forby og avskaffe atomvåpen.