Menneskeverdet er konstant

Partileder Olaug Bollestad
KrF-leiaren var årsmøtetalar på fylkesårsmøtet til Møre og Romsdal KrF

Fredag 17. mars starta årsmøtet til Møre og Romsdal KrF i Ålesund. Fylkesleiar Randi Walderhaug Frisvoll ønskte velkommen, og ho fekk med seg fleire andre i fylkespartiet til å takke av fylkessekretæren Rolf Harald Endal, som no vert pensjonist etter å ha hatt ulike jobbar i KrF i snart 37 år.

Takk til Rolf Harald
Stor takk til Rolf Harald for lang og trufast teneste i KrF. På biletet frå v.: fylkesleiar Randi Walderhaug Frisvoll, Rolf Harald Endal og 1. nestleiar Knut Ståle Morsund. Foto: Hjørdis Almelid Vikenes

Rolf Harald fekk blomster og ein kniv som KrF-medlem Knut Ståle Morsund hadde laga som ei gåve i frå alle KrFarane i Møre og Romsdal. No skal den dyktige fylkessekretæren snart få tid til å bruke turkniven. Å vere den einaste tilsette på eit fylkeskontor vil seie at ein må gjere alle arbeidsoppgåvene sjølv!

– Tusen takk Rolf Harald for alt du har gjort for partiet, for fylket og for lokallaga, og for den gode måten du har møtt alle på. Du har vore til stor inspirasjon for oss alle, sa fylkesleiaren.

Etterpå var det partileiar Olaug Bollestad sin tur. Ho fortalde mellom anna om eit møte ho hadde hatt med fredsprisvinnar Denis Mukwege på Stortinget. Han hjelper kvinner som har vorte utsett for seksualiserte vald i væpna konflikter og krigar. 

– Denis Mukwege seier at menneskeverdet er konstant, og difor hjelper han alle uavhengig av kva side i konflikten dei kjem frå. Det var sterkt å møte Denis og han undra seg over at vi sat fylkesvis som folkevalde i Stortinget, og ikkje saman med folk frå eige parti. Då eg fortalde han at det er slik folkestyret vårt er oppbygd og at ein trass i ulike meiningar kan sitje i lag og samtale i lag om sakene, var det uventa for han, fortalde Olaug Bollestad.

Som avslutning av den første dagen av fylkesårsmøtet hadde Knut Ståle Morsund nokre kveldstankar:

– Vesle Catherine Booth møtte ein drapdømt fange på veg frå fengsel, til galgen, der han gjekk gjennom ei rasande folkemengd. Ho brøyta seg då veg gjennom mobben, og tok drapsmannen i handa, og leidde han fram til galgen, og gav han verdigheit dei siste minutta han levde. Det er dette vår politiske verksemd óg går ut på, å vere der for dei som treng ei hand når det stormar som verst, og livet går dei imot. «Menneskeverdet er konstant», sa han.

Catherine var fødd Mudform og vart gift med William Booth som grunnla Frelsesarmeen. Saman var dei aktive i Frelsesarmeen, og Catherine vart kalla “Frelsesarmeen si mor”. Fylkesårsmøtet heldt fram også laurdag 18. mars med vanlege årsmøtesaker som rekneskap, årsmelding, etiske retningslinjer, val, fylkesprogrammet og resolusjonsdebatt. 


Hjørdis Almelid Vikenes