All avhengigheit, det vere seg alkoholisme, andre rusmidlar eller andre formar for avhengigheit, har oftast ein bakomliggande årsak som gjer at ein tyr til ulike middel for å flykte frå problem, eller kjenne på ei form for stimuli i lengsel eller fråver av viktige faktorar i livet.
Einsemd, sorg, frykt, fattigdom, å miste jobben, traumar, mobbing, eller berre kjensla av tomheit og lengt etter ei eller anna form for «godkjensle» i livet. Det er i mange tilfelle det som fører mange menneske inn i rus.
Dette er ei problemstilling som eg saknar i rusreformdebatten. Vi må sjå mennesket bak rusen.
Debatten handlar mest om konsekvensane ei avkriminalisering vil bringe med seg, men i mine auge er rusbruken eit symptom på eit anna problem. Korleis kan vi hjelpe menneske som har høg sannsynlegheit for å utvikle eit rusproblem?
For det er det viktigaste punktet i rusreforma, å hjelpe menneske med rusproblem, framfor å straffe dei. Det som burde vere i fokus, både i reforma og i debatten rundt, er kva vi som samfunn kan gjere for at menneske ikkje skal hamne i rusavhengigheit?
Kva er grunnen til at menneske rusar seg? Burde vere hovudspørsmålet, framføre om vi skal straffe rusbrukarar eller ikkje. Den avskrekkande effekten er avgrensa, og i mine auge overdriven. Når vi ser uansett kva straffereaksjonar vi har, så brukar mange menneske framleis rusmidlar, anten lovlege som tobakk eller alkohol, eller illegale narkotiske stoff.
Å gi menneske meistringskjensle, tilhøyrsle, eit sosialt nettverk, ja sjølv enkle rutinar for å fylle dagane med meining, er dette nokre grep som hjelp mange. Både for å få menneske ut av rus, men også for å førebygge og hindre at dei kjem inn i rusen i første omgang. Dette var noko av hovudvillkåra for både Portugal-modellen og Islands-modellen.
Debatten om rusreforma må gå inn på det som er det viktigaste punktet i ei rusreform:
Dei førebyggande tiltaka. Spesielt for born og unge. Korleis kan vi sørge for at menneske ikkje kjem inn i rusavhengigheit i utgangspunktet?
Det å sikre alle born og unge tilgang til fritidsaktivitetar som kan gi meistring i kvardagen er eit enkelt, men viktig og effektivt grep for å hindre utanforskap og tomheit i kvardagen. Ei fast rutine utanom skule å gå til.
Satsing på å styrke tilbod for born og unge er ei nødvendigheit og må prioriterast enda meir. Regjeringa har løyvd midlar til å styrke tilboda til born og unge for alle, blant anna gjennom BUA (Born og Unge i Aktivitet) sentralane.
Her kjem også Fritidskortet som KrF fekk gjennomslag for til si rett, for det var ein av suksessfaktorane på nettopp Island som KrF henta inspirasjon frå. For å sikre alle born og unge mellom 6-18 år tilgang til fritidsaktivitetar. At regjeringa også løyver ekstra 400 millionar i revidert budsjett til tiltakspakkar retta mot born og unge er også veldig bra. Dette er midlar som skal gå til å sikre at elevar som har mista skulegang i pandemien skal få ta igjen tapt framgang, samt styrking av skulehelsetenesta og helsestasjonar, avlasting og aktivitetstilbod til born og unge.
I denne pakken er det også ei styrking av kontakt og samtaletilboda til born og unge, slik dei får lettare tilbod til å snakke med nokon om dei treng det. Tettare oppfølging til sårbare grupper og fokus på førebygging mot vald og overgrep.
Vi kan byrje med å spore rusreforma inn på det sporet som vil vere til mest hjelp, nettopp med å ha fokus på førebygging og preventive tiltak, for å unngå at ungdom tyr til rusmiddel for å rømme frå kvardagen. La oss heller møte dei med omsorg og forståing, og gi dei kjekke tilbod som gir meining i ei hektisk kvardag.