Lars Ramsli Søyland på plass som ny valkampmedarbeidar 

Lars Ramsli Søyland

Me er veldig glade for at Lars Ramsli Søyland no er på plass som ny valgkampmedarbeidar!  Dette blir spennande!  Lars er ansatt i ein 50% stilling fram til over valet i september og skal jobbe med valkampoppgåver saman med fylkets valkampkomité.  Han kjem til å jobbe med sosiale medier i tillegg til ulike kommunikasjonsoppgåver i samband med valkampen.  Informasjonsmateriell (brosjyrer, video med meir) skal óg utarbeidas i samarbeid med lokallaga. 

Lars er fylkesleiar for KrFU i Rogaland og kjem til å ha ei aktiv rolle med å leia og koordinera arbeidet til fylkeslaget, mellom anna med førebuing av skulevala på dei vidaregåande skulane. 

Lars bur på Kyllingstad i Gjesdal kommune og gjekk ut av Tryggheim vidaregåande skule i fjor sommar og kombinerar no jobben som valkampmedarbeider med å vere tilkallingsvikar på ein omsorgsbolig i Gjesdal.  Me ynskjer Lars varmt velkomen og gler oss til valkampen!