Me er veldig glade for at Lars Ramsli Søyland no er på plass som ny valgkampmedarbeidar! Dette blir spennande! Lars er ansatt i ein 50% stilling fram til over valet i september og skal jobbe med valkampoppgåver saman med fylkets valkampkomité. Han kjem til å jobbe med sosiale medier i tillegg til ulike kommunikasjonsoppgåver i samband med valkampen. Informasjonsmateriell (brosjyrer, video med meir) skal óg utarbeidas i samarbeid med lokallaga.
Lars er fylkesleiar for KrFU i Rogaland og kjem til å ha ei aktiv rolle med å leia og koordinera arbeidet til fylkeslaget, mellom anna med førebuing av skulevala på dei vidaregåande skulane.
Lars bur på Kyllingstad i Gjesdal kommune og gjekk ut av Tryggheim vidaregåande skule i fjor sommar og kombinerar no jobben som valkampmedarbeider med å vere tilkallingsvikar på ein omsorgsbolig i Gjesdal. Me ynskjer Lars varmt velkomen og gler oss til valkampen!