Kyrkjeøkonomi

Landsstyret til KrF vil at staten, ved overføringa av arbeidsgjevaransvaret for prestane til kyrkja, syter for at det følgjer med midlar til å dekke alle prestestillingane, samt dei årsverka som gjekk vekk då regjeringa og Presteforeininga inngjekk ny arbeidstidsavtale.

Bilde av innsiden av en kirke

Stortinget har sagt at det skal vere ei landsdekkande folkekyrkje, sjølv om kyrkja og staten skil lag.

I Bjørgvin Bispedøme, som er eit stort og vidstrekt bispedøme, manglar det lønsmidlar på mellom 7 og 8 mill. Det gjer at stillingar blir ståande vakante, og at lokale kyrkjer ikkje kan tilby og gjennomføre tenester i samsvar med vedtekne planar. Dette er ikkje eineståande for Bjørgvin, men gjeld i alle deler av landet. Men særleg utanfor byane og dei mest tettbygde stroka. Det er også der det frå før er vanskelegast å rekruttere nye prestar/tilsette.

Midlane til Den norske kyrkje må legges inn som grunnlag for støtte til de andre tros- og livssynssamfunnene.

Landsstyret til KrF ber regjeringa allereie i revidert budsjett legge inn midlar for å få på plass dei årsverka som forsvann.