Kyrkja si rolle i beredskapsarbeidet

Det er ikkje en overdriving å seie at Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn spelar ei avgjerande rolle i totalberedskapen vår. Den norske kyrkja er ikkje berre ei grunnleggjande og landsdekkjande institusjon, men kyrkjebygga er òg viktig infrastruktur og sentrale samlingspunkt når ei krise rammar.

Anne Kristin Bruns – Gruppeleiar Rogaland KrF og 4. kandidat ved stortingsvalet. Foto: Øyvind Ganesh Eknes

Noreg og Europa står i ein heilt annan geopolitisk situasjon enn for berre nokre få år sidan. I debatten om beredskap har det vore mykje søkelys på den ytre tryggleiken.

Om sikkerheita vår vert teken vekk, har vi ikkje noko meir å debattera. Hendinga med straumbrotet vi såg i Spania og Portugal sist månad bør vere ein vekkjar for kor sårbar vår ytre beredskap faktisk er.

Men eg ønskjer å rette merksemda mot den indre beredskapen i landet vårt. Spesifikt på ein annan form for beredskap, som verken det offentlege eller private kan ta seg av.

Grafisk illustrasjon av Norge

Det er ikkje en overdriving å seie at Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn spelar ei avgjerande rolle i totalberedskapen vår. Den norske kyrkja er ikkje berre ei grunnleggjande og landsdekkjande institusjon, men kyrkjebygga er òg viktig infrastruktur og sentrale samlingspunkt når ei krise rammar.

Kyrkja gir støtte gjennom sørgegudstenester, opne kyrkjer og andre viktige markeringar i tett samarbeid med offentlege styresmakter. Samstundes fungerer kyrkja som ein viktig brubyggjar og samarbeidspartnar med andre aktørar.

Difor er det heilt nødvendig å sikre kyrkja rammer til å ta vare på si rolle i beredskapsarbeidet – både nasjonalt og lokalt.

Det er nettopp i krisetider vi ser verdien av samarbeid og fellesskap.

Dette er eit ansvar som sentrale myndigheiter må ta på alvor. Trus- og livssynsorganisasjonane spelar òg ei avgjerande rolle med si erfaring innan sjelesorg, moralsk og eksistensiell støtte, og praktiske omsorgsoppgåver. Desse funksjonane blir berre viktigare når samfunnet vårt står midt i ei krise.

Det er nettopp i krisetider vi ser verdien av samarbeid og fellesskap. Det er då ein verkeleg ser at alle samfunnsaktørar spelar på lag – frå offentlege styresmakter, frivilligheita, trussamfunn til det sivile samfunnet. Det er når vi står saman og spelar kvarandre gode, at vi kan yte den motstanden som krevst i ei krise.

Difor meine KrF at kyrkja si rolle i beredskapsarbeidet må styrkast både nasjonalt og lokalt. Diverre fekk dette forslaget ikkje fleirtal på Stortinget då det nyleg var stemt over.

Her var det KrF som løfta dette, og som ser verdien av ei styrking av nettopp denne viktige samfunnsinstitusjonen.