Kvinnehelse når mannen er normen

Olaug Vervik Bollestad, Solveig Ege Tengesdal, Anne Kristin Bruns og Oddny Helen Turøy har skreve om forsking på kvinnehelse og på kjønnsforskjeller når det gjeld verknader og biverknader av legemidlar.

Vi tenkjer at vi lever i eit samfunn med like rettar for menn og kvinner – slik er det ikkje, særleg om ein snakker om noko så grunnleggjande som helse. Kampen om kunnskap og forståing for kvinnehelse er ein viktig kvinnekamp som fortsatt må kjempes for. 

«Mannen er normen og kvinna er avviket»

, er fortsatt gjeldande innan medisin. Om det er ulikskap mellom kjønn i samfunnet, er det også det innafor medisin, seier forskar og professor i samfunnsmedisin, Johanne Sundby til NRK 14. januar 2022. Då fekk vi stadfesta det, på nytt nå. Det er ulike studiar som viser at kvinner har høgare risiko for eit dårlegare resultat innan ulike helseproblemstillingar fordi det historisk har både forskarane, forskinga og forskingsobjekta vore prega av menn. Det at vi i 2022 ikkje har kome lengre viser at vi som kvinner må snakke høgt om denne ulikskapen og ikkje «lide i stillheit».

Det er på høg tid å starte målretta arbeid med å rette opp i dette. Retten til eit godt og likeverdig helsetilbod er grunnleggjande i vårt samfunn og må gjelde innan heile helseomsorga.

Helsetilbod på like vilkår må være grunnleggjande. Det er ikkje akseptabelt at det framleis er stor kunnskapsmangel og manglande kvinneperspektiv i helsepolitikk og praksis. Kvinner og menn er biologisk ulike, og derfor vil til dømes både diagnostisering, behandlingsformer og medikament kunne ha ulik utsjånad og effekt.

Ein konsekvens av det negative kjønnsperspektivet er mellom anna at fleire kvinner enn menn døyr av hjartesjukdom, sjølv om det oftast i «manns minne» er typisk at det er menn som døyr av hjartesjukdom. Nettopp difor vil KrF be om at vi snarleg styrker forsking på kvinnehelse og på kjønnsforskjeller når det gjeld verknader og biverknader av legemidlar.