Gjennom heile livet har eg delteke og vore aktiv innan det frivillige arbeidet. Som barn var eg med på mellom anna barneforeining, friidrett og korps. Etter kvart vart det kor og fleire idrettar.

Da eg fekk familie var det sjølvsagt å bidra som mellom anna speidarleiar, vere med i FAU og bidra i kyrkja sitt barne- og ungdomsarbeid. Heile livet har eg hatt glede av organisasjonslivet og tilboda.
Vi alle som bur i Noreg er på mange måtar avhengig av dei mange tusen enkeltpersonar som gjer ein formidabel innsats for sine lokalsamfunn. Ideelle organisasjonar som Frelsesarmeen, Evangeliesenteret, Røde Kors og mange kristne organisasjonar gjer at eg blir svært oppmuntra og begeistra. Det er eit faktum at utan frivilligheita og dugnadsånda vil Noreg stoppe opp. Fellesskap og oppleve å bli sett er grunnleggjande behov vi alle har. Nettopp det skjer i frivilligheita i vårt langstrekte land.
Staten klare ikkje å fange opp alle. Vi lever i ei tid med mykje usikkerheit og det er uroleg for mange. Fleire slit økonomisk, fleire opplever einsemd og kjenner på at ein ikkje har folk rundt seg som ein kan stole på eller oppsøkje. Det er nettopp i desse situasjonane at vi ser kor viktig det er å byggje samfunnet nedanfrå.
Vi må ta utgangspunkt i samfunnet sin minste byggjeklossen som er familiane, og byggje derifrå og opp gjennom familien, nabolaget, tettstaden, kommunen og fylket.
Mange oppgåver har frivillige og ideelle betre føresetnader for å løyse enn det offentlege har, slik skaper vi eit varmare samfunn. At ein vel å investere og bruke tid på det frivillige arbeidet ved å gje av seg sjølv skape samhald, engasjement og gode relasjonar. Ja, det førebyggjer utanforskap og einsemd.
ShutterstockVi har ei frivilligheit i utvikling i dag. Det blir sagt at det som er typisk norsk er å vere individualist. Ein kan kanskje seie det slik at før var dei frivillige lojale og bidrog der det var eit behov i organisasjonen ein er med i, og gjorde det ein vart bedt om. No kan det sjå ut til at ein gjerne spør «kva kan eg få ut av dette?» Det må vere meiningsfullt, og mange organisasjonar seier at dei frivillige ønskjer å gå direkte ut i aktivitet tilpassa den enkelte sin motivasjon og interessefelt. Men dette er ikkje nødvendigvis heile sanninga, heldigvis. Vi ser at gjennom dugnad og organisasjonsliv byggjer vi samfunnet stein på stein.
Signala vi får er at frivilligheita må ha meir føreseielege rammer, både når det gjeld drift og medlemstilskot. At ein har søknadsprosedyrar som dei frivillige opplever som vanskeleg og uføreseielege må vi ta på alvor, og det har vi gjort i saman dei andre samarbeidspartia i fylket.
Suksessfaktoren er at frivilligheita skal vekse ut av frivilligheita sjølv. Då må vi som kommune, fylke og stat leggje godt til rette for at nettopp det kan skje. KrF vil at tilskot skal vere aktivitetsbasert, og ikkje avhengig av om ein er politiske eller idelogisk støtte organisasjonen. For KrF er dette fundamentet i samfunnet vårt.
Atter ein gong; takk til alle som kvar einaste dag bidreg, og for KrF er det viktig å støtte, ikkje styre frivilligheita.
Anne Kristin Bruns
Gruppeleiar Fylkestingsgruppa Rogaland KrF