KrF Kvinner med samling i Ålesund

Mariam Rapp leiar i KrF kvinner heldt to interessante foredrag i Ålesund nyleg. (Foto: Reidun Vigestad Berge)

Nyleg møttest kvinner frå Sunnmøre og Vestnes til ei samling i Ålesund. Landsleiar Mariam Rapp i frå KrF kvinner hadde to foredrag, eit om kvinnehelse og eit om kvinner og kjønn. I mellom foredraga var det matpause.

– Det var kjekt at vi kunne møtast til ei kvinnesamling igjen, seier Reidun Vigestad Berge, som sit i kvinneutvalet til Møre og Romsdal KrF.

Dei biologiske skilnadene mellom kvinner og menn har særleg betydning for hjarte, hjerne og immunforsvar. I 2006 vart Nasjonalt kompetansesenter for kvinnehelse oppretta. Regjeringa oppnemnde 5. mars 2021 eit utval som skal lage ei ny utredning om kvinner si helse og helse i eit kjønnsperspektiv. Utvalet har frist til å levere utredninga innan 8. mars neste år.

– Vi veit ikkje nok om kvinnene sine sjukdomar og lidingar, noko som igjen gjev avgrensa kunnskap hjå helsepersonell i møte med pasientane sine behov. KrF vil difor at det mellom anna vert oppretta ein kvinnehelseportal med rask tilgang på oppdatert informasjon, sa Mariam Rapp.