KrF krev tiltak for desentralisering

God distriktspolitikk skal gjere det mogeleg å bu, arbeide, drive konkurransedyktig næringsliv og ha likeverdige tenestetilbod i heile landet. Distrikts-Norge har samansette utfordringar som må løysast med differensiert distriktspolitikk, basert på regionale fortrinn og med sterk regional styring og samordning.

Det er ein sterk sentraliseringstrend i samfunnet, både lokalt og globalt. I Noreg har det vore politisk semje om å motverke trenden med ein aktiv distriktspolitikk. KrF meiner dette må halde fram, fordi alternativet korkje gagnar byane eller distrikta.

 

Samferdsel

Gode vegar i distrikta skapar større bu- og arbeidsmarknadar. Det blir lettare å få fram varer og å drive godt næringsliv. Derfor er auka midlar til vegbygging, vedlikehald, rassikring og ferje/båt-trafikk avgjerande. Det gjeld både riksvegar som bind saman større område, men også fylkesvegar, som er sentrale for å forenkle arbeidsreiser. Kortbane-nettet for fly er eit distriktstiltak som ein må oppretthalde.

Endringa av fylkeskommunanes inntektssystem er ei utfordring for kystfylka og må kompenserast. Det auka mishøvet mellom fylka sine netto utgifter til ferje- og hurtigbåtdrift og statlege overføringar fører til at fleire av kystfylka må kutte i ferje- og hurtigbåttilbodet gjennom nedlegging av samband og færre avgangar. Dei reelle utgiftene til båt og ferjesamband er ikkje finansiert gjennom inntektssystemet til fylkeskommunane. Regjeringa må derfor snarast tilføre fylka auka ressursar til ferje- og hurtigbåtdrift. Det er av avgjerande betydning for næringslivet, befolkninga og hensynet til likeverdige tenestetilbod.

Kollektivtransport har ulike funksjonar i by og i distrikt. I distrikta finst ulike former for offentleg betalt transport som skoleskyss, TT-ordningar, Heim-for-ein-50-lapp og pasientreiser. Samordning av desse, der det er mogeleg, kan gje ein effektiv utnytting av ressursar som allereie er i bruk. Samtidig kan det gje eit fleksibelt og godt tilbod som er tilpassa behovet i utkantstrok.

 

Næringslivet

Fleire av framtidsnæringane finst i distrikta der naturgjevne føresetnader skapar rom for stor verdiskaping og skapar rom for framtidas velferdsstat. Mineralnæringa, fiskeri- og havbruksnæringa, industri, landbruk, fornybar energiproduksjon med tilhøyrande leverandørar er ikkje lokalisert i dei store byområda. Det må leggast til rette for desse næringane, og då må det leggast til rette for å kunne leve gode liv i distrikta. Byanes funksjon som kompetanse- og kommunikasjonssentrum er også viktige og må vidareutviklast.

Forenkling av regelverk og ei rettferdig omlegging av skatte- og avgiftssystemet, mellom anna med å ta bort skatt på arbeidande kapital, vil vere gode og universelle tiltak. Vi må nytte handlingsrommet for særeigne tiltak for næringslivet i distriktet. Det kan skje gjennom tilpassa arbeidsgjevaravgift, Innovasjon Norge sine tilskot, tilskot til marknadsføring, pendlarfrådrag og andre verkemiddel. Stadbundne næringar som landbruk, fiske og oppdrett må styrkast på ein måte som også vektlegg den lokale forankringa. Landbruket bør styrkast. KrF vil oppretthalde kanaliseringspolitikken. Ein finmaska kvoteregionstruktur er avgjerande for å få til dette.

Vesentlege endringar i områdestrukturen høyrer ikkje heime i jordbruksoppgjeret, før Stortinget har fått tatt den overordna debatten om kva for pilarar norsk landbruk skal bygge på. Her må landbruk i heile landet, styrking av små og mellomstore bruk, og vidare mjølkeproduksjon i distrikta ligge til grunn. KrF meiner kvoteregionane må ligge fast til Stortinget har handsama den varsla landbruksmeldinga, og at Stortinget må legge føringar som sikrar dette. Ein må halde fram med ein variert driftsstruktur basert på fôrgrunnlag og ressursar som er ulike i høve geografi og klima i det langstrakte landet vårt.

Internasjonale fibersamband opnar nye moglegheiter for at Noreg kan bli ei stormakt når det gjeld etableringar av grøne datasenter. KrF krev at regjeringa sikrar at det blir bygd fiber saman med kraftkablane frå Sørvestlandet til Tyskland og England. Saman med redusert el-avgift gjev dette Noreg eit konkurransemessig fortrinn for etablering av grøne datasenter.

 

Offentlege arbeidsplassar

KrF vil ha ei jamnare geografisk fordeling av offentlege arbeidsplassar, noko som kan skje både med aktivt å flytte statlege oppgåver og at nye arbeidsplassar vert lokalisert i heile landet. Særleg er det påkrevd at alle dei ulike statlege reformene innanfor beredskap, politi, høgskule, universitet og forsking, skatt, med vidare vert sett i samanheng med dei prosessane som pågår innanfor kommune- og regionstruktur. Skal det arbeidet ha noko for seg, må statlege oppgåver og plassering av både ansvar og arbeidsplassar ligge inne som premiss.

 

Likeverdige offentlege tenester

Gjennom overføringane til kommunar og fylke må staten sikre eit handlingsrom, og ta høgde for dei ulike utfordringane som finst både mellom og innanfor landsdelar og regionar. For KrF er det heilt sentralt at alle har krav på grunnleggande og likeverdige tenester med god kvalitet, uavhengig av om ein bur i ein by eller i distriktet. Derfor må inntektene til kommunar og fylkeskommunar ta høgde for at det kostar meir å gje desse tenestene der det er færre folk busette.

Skatteinntektene til kommunane er heilt avgjerande for tenestetilbodet, og når kommunane opplever nedgang i skatteinntektene av grunnar som kommunane ikkje sjølv rår over, bør ikkje tenestetilbodet verte skadelidande. KrF meiner derfor at ytterlegare skattesvikt for kommunesektoren må kompenserast.

For å sikre god beredskap går KrFs landsmøte inn for å sikre eit godt og trygt sjukehustilbod for alle gjennom desentraliserte tenester som sjukestuer, distriktsmedisinske senter og lokalsjukehus med god kvalitet, særleg når det gjeld akutt- og fødetilbod.