KrF fortset kampen mot mobbing

KrF har i mange år jobba for eit mobbeombod i Møre og Romsdal. Dette fekk vi igjennom for fleire år sidan, og det gjer at born og unge i Møre og Romsdal har ein person dei kan kontakte om dei opplever mobbing. Under siste Fylkesting var det rørande å sjå kor mange som får hjelp og støtte når Mobbeombodet i M&R presenterte kva ombodet har jobba med det siste året.Mobbing er eit alvorleg problem som kan ha betydelege konsekvensar for ofra og deira liv. Det er difor avgjerande at det finnest effektive løysingar for å førebygge og kjempe mot mobbing, og ein av desse løysingane er å ha eit mobbeombod.Møre og Romsdal KrF har i mange år satt kampen mot mobbing som ein av våre hjartesaker. Vår eigen statsminister Kjell Magne Bondevik lanserte i 2002 ei nasjonal handlingsplan mot mobbing, for å gje born og unge i Noreg ein tryggare skulekvardag. Eit av dei viktige punkta var å auke kompetansen for lærarar og leiarar i skulen, betre samarbeidet mellom skulen og heimen, og styrka oppfølging av mobbesaker. Under hans periode som statsminister gjekk mobbetala ned. Dette kan ha å gjere med at auka bevisstheit og fokus på mobbing og konsekvensane i den offentlege debatten bidrog til ei endring.KrF jobbar for eit samfunn der mobbing ikkje blir akseptert, og vi ynskjer ein nullvisjon. Vi kan ikkje godta at eit einaste menneske vert utsett for uretten det er å bli mobba.KrF er stolt over den gode jobben som mobbeombodet i Møre og Romsdal gjer. Vi vil gjere det vi kan for å støtte denne viktige funksjonen òg i framtida, så endå fleire born og unge kan få eit betre liv. Mobbeombodet i Møre og Romsdal er ein viktig ressurs for å kjempe mot mobbing i fylket. Ombodet jobbar tett med skular, barnehagar og andre organisasjonar for å hjelpe elevar og foreldre med mobbesaker.Djupast sett handlar dette om menneskeverdet. Å mobbe eit born er ein krenkelse av menneskeverdet, og mobbing kan gje varige sår i unge sinn. Difor er det så viktig at vi som samfunn tek denne kampen.