KRF 90 år 4 september

90 år med politisk engasjement!

4. september 1933. Farfaren min, bonde Sivert Almelid, reiste med båt ut Osterfjorden frå Modalen for å kunne delta på stiftingsmøtet for Kristeleg Folkeparti (KrF) i C. Sundsgate i Bergen. Han var ein av fleire som ville ha endring i politikken, og var med og stifta eit nytt parti. Seinare har faren min og mora mi vore politisk engasjerte. Eg har vore med i politikken dei fleste åra sidan eg var 13 år, og no har eine dottera vår også engasjert seg politisk. MEN – politikk skal ikkje arvast. Det skal utforskast ved å lese partiprogramma og snakke med politikarar, og så finne ut kva parti det er vi er mest samde med. 

I dag 4. september 2023 vil eg gratulere Kristeleg Folkeparti med dei første 90 åra sine, og ønske partiet mitt lukke til med å forme gode politiske handlingsrom også i framtida. Partiet vart stifta av menn i 1933. Partiet vert no drifta av både kvinner og menn. Ungdomspartiet vårt Kristeleg Folkepartis Ungdom (KrFU) er aktivt og nytenkjande, og både KrFU og KrF opplever at fleire nye vert medlemer. Det er gledeleg.

Eg takkar for tilliten lokalt frå Ørsta KrF som har sett meg på toppen av kommunelista si. Eg takkar Møre og Romsdal KrF for tilliten som har sett meg på 9. plass på fylkestingslista. Det er mange samfunnsoppgåver eg brenn for, og eg skal arbeide vidare for KrF i framtida også. Så får folket velgje sine kandidatar ved å oppsøkje valurnene på valdagen – eller førehandsrøyste. Hugs å røyste på dei du er mest samde med. Tenk kor heldige vi er både på kommunenivå og på fylkesnivå som har fleire vallister å velgje i mellom. Godt val!

Mvh 

Hjørdis Almelid Vikenes, ordførarkandidat for Ørsta KrF