Ja til gjenoppretting av domstolsstruktur i fylket

Det vert synt til Justis- og beredskapsdepartementet sin høyringsinvitasjon om domstolstruktur datert 26.01.2022.

Fylkesstyret i Møre og Romsdal KrF støttar departementet sitt forslag om gjenoppretting av fire sjølvstendige tingrettar i Møre og Romsdal – i Kristiansund, Molde, Ålesund og Volda. Dette er i samsvar med domsstolsstrukturen før 2021.

Domstolsreforma i 2021 innebar etablering av ein tingrett for heile Møre og Romsdal, og vart vedteken trass i motstand frå tilsette, kommunar og advokatar på Nordmøre, Romsdal og Søre Sunnmøre. Reforma medførte at samfunnsinstitusjonar som innbyggjarane på Nordmøre, Romsdal og Søre Sunnmøre har nytt godt av gjennom fleire hundre år vart avvikla. I staden vart tingrettane såkalla «rettsstad», med leiing i Ålesund.

Sjølvstendige domstolar med eiga stadleg leiing, er ein viktig faktor for å oppretthalde tilgang til advokattenester og juridiske tenester i heile Møre og Romsdal. Slik tilgang har betydning for rettstryggleiken og rettshjelpstilbodet uavhengig av kvar ein har bustad i fylket.

Dagens løysing med «rettsstadar» utan stadleg leiing gir rom for nedbygging på Nordmøre, Romsdal og Søre Sunnmøre. Dei generelle erfaringane ved samanslåingar, er at staden der leiinga sit, vert prioritert i det lange løp.

Fylkesstyret i Møre og Romsdal KrF har merka seg høyringsinnspela frå Advokatforeininga på Nordmøre og Advokatforeininga i Romsdal av 23.02.2022, advokatane på Søre Sunnmøre 30.01.2022 og dei barnefagleg sakkunnige i Romsdal og på Nordmøre av 21.02.2022. Alle støttar ei gjenoppretting av fire sjølvstendige domstolar.

Alle dei fire tingrettane var før samanslåinga blant dei mest effektive i landet og ytte kvalitative gode tenester, og dette støttar opp under ei gjenoppretting.

Vi er eit distriktsparti som ynskjer tenestetilbod og arbeidsplassar i heile fylket, og vil stille oss bak gjenoppretting av domstolsstruktrukturen, uttaler fylkesstyret i Møre og Romsdal KrF.


Fylkesstyret i Møre og Romsdal KrF