Resolusjon vedteken på Møre og Romsdal KrF sitt fylkesårsmøte 13.03.2021:
Fylkesårsmøtet i Møre og Romsdal KrF er glade for at Kristeleg Folkeparti har vore med å sikre lærarnormen i skulen, samtidig som vi har vore med å understreka at kampen mot mobbing og for eit trygt og godt skulemiljø skal prioriterast høgt. Fylkesårsmøtet i KrF meiner eit godt læringsmiljø er det viktigaste for god læring og for ei god psykisk og fysisk helse.
Stortingsmelding 6, 2019-2020 – «Tett på – tidleg innsats og inkluderande fellesskap i barnehage, skule og SFO» er ei av fleire stortingsmeldingar som peikar på det same: Tverrfagleg samhandling, tidleg innsats, inkluderande fellesskap og laget rundt barnet.
Skulekvardagen vert av dei tilsette i dagens skulen opplevd som stadig meir kompleks, krevjande og mangfaldig. Behovet for både tal på hender og anna type kompetanse enn berre lærarkompetanse vert etterspurt. Mange stader har skulane difor starta opp med å tilsetje personell med miljøterapeutisk kompetanse, noko som gir ei særleg god støtte for lærarane i klassemiljøarbeid og arbeid med elevar som av ulike årsaker har utfordringar. Utfordringa for kommunane er at dette er personell som er dyrare i drift enn tradisjonelle assistentar, noko som gjer at eit pressa kommunebudsjett ikkje alltid gir rom for det.
Fylkesårsmøtet i Møre og Romsdal KrF vil no at regjering og Storting er med på å stimulere til meir mangfald av kompetanse i skulen, og at andre yrkesgrupper skal få enno meir innpass. Vi ber difor regjeringa gjer to grep for å sikre dette:
- Setje av midlar i rammeoverføringane til kommunane, som gjer dei i stand til å tilsetje enno fleire med miljøterapeutisk kompetanse
- Setje av midlar i prosjektperiode på 3-5 år, der kommunar av ulik storleik og samansetjing får høve til å gjere ekstra innsats for å etablere den miljøterapeutiske kompetansen i skulen. Kommunane som er med på dette, vil vere med på å gi viktig kunnskap om effekten og vegen vidare.