Høgare utdanning er nøkkelen til framtida

Bilde av Henning Holsvik

Kvart år er det mange studentar som fell i frå utdanninga si, noko som blant anna skjer på grunn av dårleg økonomi. Dette er noko KrF ønskjer å gjere noko med.

Alle skal ha høve til å ta høgare utdanning uavhengig av bakgrunn, økonomi og bustad, og nettopp difor jobbar vi for at det skal vere mogleg å vere heiltidsstudent.

Høgare utdanning handlar om å danne og utdanne framtida sine innbyggjarar. Difor er det eit stort tap dersom studentane fell frå studiane på grunn av dårleg økonomi. Mange studentar må jobbe ved sida av studia for å ha ein sjanse til å klare og betale dei månadlege utgiftene. Særleg husleiga er ofte dyr.

Det trengs altså billegare løysingar for at studentane skal klare å betale for seg. Nye tiltak må til for å hindre at studentane ikkje fell frå studia, og eit av dei tiltaka er at det må byggast opp fleire rimelege studentbustadar. KrF har eit ynskje om at desse studentbustadane blir bygde raskt, slik at dei som studerer no får høve til å fullføre utdanninga si utan noko ekstra hindringar.

For studentar som har barn kan det knipe litt ekstra. Å få barn er ei stor glede, men fører også med seg ein del ekstra utgifter. Eg er sjølv far, så eg veit det blir kostnadar både til kle, bleier m.m. Dette gjer at studentane får dårlegare råd enn dei som ikkje har barn, noko som gjer at dei må sikrast ein betre økonomi. Difor ønskjer KrF tolv månadar med studiestøtte til dei studentane som har omsorgsansvar.

Studentar med born må også kunne få tilpassa fleksible studieløp og sjølvstendig oppteningsrett til foreldrepermisjon, også i studietida.

Trivsel har mykje å seie, om ikkje alt i studietida. Det må vi fortsette å arbeide for, samt styrke studentvelferda. KrF vil óg styrkje tilbodet til studentar si psykiske helse, ventetida må ned og kapasiteten på psykisk helsehjelp må aukast for å ivareta god mental helse og gi hjelp når ein treng det.

Samfunnet treng den kompetansen som studentane tilfører arbeidslivet, og er avhengige av for framtida sine arbeidsplassar. Utvikling og verdiskaping er heilt nødvendig for å ivareta velferdsstaten. Vi må difor prioritere og investere i kunnskap og forsking for å finne løysingar på utfordringar som vi har i dag, og som vi vil få i framtida.

Henning Holsvik
5. kandidat for Møre og Romsdal KrF og fylkesleiar i KrFU