Hareides tale til landsstyre etter valget

– Vi kan på ny skape stoltheit og oppslutning rundt KrFs samfunnsprosjekt, sa Hareide til landsstyre og rettet en stor takk til alle som har drevet valgkamp. – Vi er stolte av å høyre til i ein politisk bevegelse som kjempar for noko som er større enn seg sjølv!

Knut Arild Hareide på talestolen taler til landsstyret

Nedenfor kan du lese talen Knut Arild Hareide holdt til landsstyre 22. september, eller se den på KrFs Facebookside. (www.facebook.com/kristeligfolkeparti)

Kjære landsstyre,Gode KrF-arar,

Det er berre å vere ærlege. Valkampen 2017 kjem ikkje til å gå inn i historiebøkene som vår beste valkamp. Ingen av oss her melde oss inn i dette partiet fordi vi er medgangssupportarar. Eg er Brann-fan, så eg veit ein god del om akkurat det der.

Det går opp, det går ned. Det har det gjort for fleire parti. Vi har òg vore i bølgedalar før.
Men vi skal reise oss igjen!
    
Samtidig vil eg berre sei ein stor, stor takk. Ein av det førre hundreåret sine verste statsleiarar, Josef Stalin, sa ein gong at takknemlegheit er ein sjukdom som hundar lider av.
Vel, la meg sei det sånn at vi ser veldig annleis på dette i KrF.

Takken er viktig.

Eg kjenner på ein stor takknemlig for den jobben som er gjort gjennom heile valkampen. Eg kjenner på ei enorm takknemlegheit for alle dei tusenvis av menneska som har stått på for KrF rundt om kring i Norge!

Til alle dykk som sit her, og som kvar dag gjorde ein ekstraordinær innsats. Som sto på for å sikre partiet vårt størst mogleg innflytelse i Stortinget.

Vi kan heldigvis sei at ingen av timane på stand, var forgjevne. Ingen av lesarinnlegga dykk skreiv i avisene, var forgjevne. Ingen av turane med brosjyrar i postkassane, var forgjevne.
Ingen debattar og intervju var forgjevne.

Det nytta. Alt saman!

Dei åtte representantane som framover skal ha KrF-pinnen på jakkeslaget, skal kjempe for KrFs politikk kvar einaste dag. Dei skal kvar veke gå på talarstolen og argumentere for meir KrF-politikk i dette landet.

Saman skal vi jobbe hardt for at KrFs stemme skal bli høyrt og få innflytelse over politikken.
Det kan vi gjere, fordi vi saman stod på valkampen. Innsatsen var det lite å sei på.

Vår moglegheit er denne:
Stortingsperioden 2017 – 2021 kan gå inn i historiebøkene som den perioden der vi snudde nedgang til medgang. Frå skuffande valnetter til oppløftande valmorgoner. Frå færre KrF-representantar til fleire KrF-representantar.

Det er eigentleg mest opp til oss no. Vi kan snu dette skipet. Vi kan på ny skape stoltheit og oppslutning rundt KrFs samfunnsprosjekt. Det høyrest kanskje rart ut, men motgangen motiverer meg.

Det er no det gjeld! Det inspirerer meg. Dykk inspirerer meg! Mest av alt er eg inspirert fordi KrF har ein politikk som trengs.

No skal valkampen evaluerast. Alle medlemene i KrF skal få lov til å sei si meining, alle lokallag og fylkeslag.

Alle som har vore med i valkampen skal lyttast til. Kvar stein skal snuast. Vi skal lære av dette.
Og så skal vi mobilisere.

Vi skal mobilisere for valet i 2019 og 2021 – og jobben startar no. Etter eit slikt val, kan også vi KrF-arar fort bli navlebeskuande.

At vi ser meir innover mot våre eigne problem, enn mot utfordringane som ligg framføre oss.
Her har eg lyst til å utfordre dykk, gode KrF-arar, til å sjå forbi vårt eige og løfte blikket.
Hugs at alle veljarane der ute ikkje alltid ser alt frå vår ståstad. Vår politikk handlar om korleis vi kan hjelpe folk til betre kvardagar.

Korleis vi kan gjere ein forskjell for andre. KrF er ikkje målet. KrF er middelet. Hugs det.

Hugs òg at vår politikk er med på å skrive historia om Norge. Det har den vore i mange tiår. Det har den og vore dei siste fire åra.

På felt etter felt har KrFs politikk betydd ein positiv forskjell for folk der ute:
I kampen for asylborna.
I kampen for fleire lærarar i skulen.
I kampen mot søndagsopne butikkar.
I kampen mot tidleg ultralyd og sorteringssamfunnet.
I kampen for at dei kristne verdiane framleis skal prege samfunnet vårt.
I kampen for å sikre at alle barn har ein trygg oppvekst utan vald og overgrep.

Ja, på alle desse felta har våre stortingsrepresentantar stått for solide gjennomslag for KrFs politikk. Eg vil spesielt løfte fram to av dei som er her i dag. Line Henriette Hjemdal og Hans Olav Syversen.

Først Line.
Når eg besøkte Landbrukstinget, fekk KrF karakteren seks. Den karakteren gjekk ikkje til meg, men til Line – for den fantastiske innsatsen du har hatt for norsk landbruk og næringspolitikk dei siste åra. Ja, Østfold har nytt godt av din utrøyttelege evne til å sette sakene dine på dagsorden.
Det same har fiskarar, bønder, skogbrukarar og mange andre. Dei – og vi – kjem til å merke at du ikkje lenger skal sitte på Stortinget.

Så Hans Olav.
Alle kan hugse den dagen du tok eit oppgjer med regjeringas behandling av asylborn i spørjetimen med statsministeren. Vi kunne høyre ei knappenål falle i vandrehallen etterpå.
Så stilt vart det.

Eller når du fekk servert eit skikkeleg usosialt budsjett frå regjeringa, men gjennom knallharde forhandlingar brukte din klokskap, kløkt og saklege framtoning til å kjempe for dei som treng det mest. Ikkje berre vi i KrF, men på heile Stortinget og langt ut i det politiske Norge, kjem mange til å sakne den stødige leiaren av Finanskomiteen.

Kjære Line og Hans Olav: Dykk har utgjort ein forskjell. På vegne av heile KrF vil eg sei: Tusen, tusen takk!

Vi har no vore gjennom ein tøff valkamp og eit dårleg val. Dessverre førte det til at vi blant fleire mista Line og Hans Olav frå stortingsgruppa.

På valkvelden sa eg at der vi i valkampen ønska å snakke om politikk, vart det mest fokus på spel og meiningsmålingar.

Vi snakka om kampen mot sorteringssamfunnet, men det vart oppmerksomheit om blått eller raudt.

Vi snakka om kampen for valdsutsette born og mot menneskehandel, men det vart oppmerksomheit om Erna eller Jonas.

Vi snakka om nestekjærleiken som ikkje kjenner nokon grenser, men det vart oppmerksomheit om siste meiningsmåling.

Historia om Norge dei neste fire åra kjem til å påverkast av det minkande økonomiske handlingsrommet vi står overfor. Helseutgiftene, dei vil gå opp. Oljeinntektene, dei vil gå ned.
Pensjonsutgiftene vil gå opp. Då blir det endå viktigare korleis vi prioriterer.

Eigentleg kan Ivar Aasen si programerklæring gjerast til vår, slik vår partistiftar Nils Lavik gjorde den gongen han entra talarstolen i Stortinget med følgande ord:

Til lags åt alle kann ingen gjera; det er no gamalt og vil so vera. Eg tykkjer stødt, at det høver best
å hjelpa den, som det trenger mest.

Politikken til KrF er krystallklar på punkt etter punkt som kjem til å bli viktig dei neste fire åra.
Partiprogrammet vårt er rigga til å skrive historia om Norge frå 2017 til 2021.

KrF sin politikk er framtidsretta. La meg dele tre perspektiv med dykk som viser dette – de som treng det mest.

Det første gjeld borna.

Mange av dei politiske slaga dei neste fire åra kjem til å handle om borna i vårt samfunn.

Ein god barndom varer heile livet.

Alle barn treng trygge familiar og gode rammer rundt oppveksten.

Det blir nok ein gong KrF si oppgåve å tale borna si sak.
Borna som lever i familiar med så låg inntekt at dei ikkje får gått på fotball, speidar eller reist på feriar. Born i familiar som slit med rus. Born i familiar med psykiske utfordringar. Borna som ikkje får den oppfølginga dei treng fordi det framleis ikkje er nok lærarar i klasseromma.

Borna som går på skulen kvar dag og blir mobba – sånn vi kunne sjå i den hjarteskjerande dokumentaren til Brennpunkt tidlegare i veka.

Borna som bur åleine i eit framandt land langt borte frå foreldra sine, fordi dei måtte flykte frå krig og konflikt.

Det kjem i det heile tatt til å handle mykje om dei aller minste blant oss. Det er som KrF har sagt i mange år: Eit samfunn som er godt for borna, er eit samfunn som er godt for alle.

For det andre kjem kampen mot sorteringssamfunnet. Dette handlar om kven av oss som er gode nok for dette samfunnet.

Kven skal det vere plass til?

Vi kjem ikkje til å tie i sakene om testing av foster, tvillingabort eller abort basert på eigenskapar.
Onsdag kveld var Thorvald Steen gjest i studio hos Ole Torp på NRK.

Den 58 år gamle forfattaren fekk som 15-åring påvist muskelsvinn. I programmet sa han:
«Det man har glemt er at etter krigen har vi gitt Nobelpriser i medisin til forskere som har blitt veldig dyktige til å luke vekk dem som ikke bringer «fremskrittet» videre. Jeg sier fremskritt med anførselstegn. Det vil si at folk som meg, eller har skavanker som Downs eller blødere og så videre, blir stadig lettere å fjerne. Sånn at de aldri blir født, rett og slett».

Steen sa også at «utvelgelsen av verdige og ikke-verdige liv har fortsatt med forsterket kraft, og at man bruker mer penger på å luke vekk enn å ta vare på de som ikke passer inn i det mønsteret som man tenker skal være det normale, korrekte mennesket».

Til det svara Torp: «Nå høres det ut som du er sentralstyremedlem i Kristelig Folkeparti».
Og denne gongen var det ein treffande spydigheit frå Torp.

Eg og KrF kjem til å bruke dei neste fire åra på å utfordre dei andre partia. Audun, Jonas, Trine, Erna og Siv: Når skal dykk begynne å snakke om konsekvensane av dykkar eigen politikk? Er det verkeleg slik at «alle skal med», slik vi høyrde i valkampen?

Nokre meiner det er greitt å sortere bort barn med Downs syndrom fordi dei meiner menneske med Downs ikkje kan leve fullverdige liv.

Og til dei på Stortinget som framleis er for aktiv dødshjelp: Korleis kan menneskeverdet graderast slik nokon har ”verdige liv” medan andre ikkje?
Vi kjem ikkje til å vere stille i desse sakene.
Vi kjem til å gå på talarstolen veke etter veke.
Vi kjem til å fremje forslag og skape debatt.
Vi skal kjempe kampen for det ukrenkelege menneskeverdet frå livets byrjing til livets slutt. Fordi dette er ein del av KrFs DNA.

For det tredje kjem det uunngåelege faktum at Norge er ein del av resten av verda.
Utfordringane rundt om kring i verda vil ikkje bli færre dei neste fire åra. KrF er klare til å ta internasjonalt ansvar– både i klimapolitikken, flyktningpolitikken, bistandspolitikken og sikkerheits- og utanrikspolitikken.

Det er ikkje berre noko vi seier. Dette er òg ein del av KrFs DNA:
At nestekjærleiken ikkje stoppar ved svenskegrensa. At menneskerettane skal stå fast, uansett situasjon eller kontekst. Dei gjeld oss alle.At verda er grunnleggande urettferdig på grunn av strukturar som held menneske fast i fattigdom. At klimaendringar som rammer dei fattigaste hardast skal vera ein kampsak for eit parti som vårt. I ei slik verd ville det vore den største urett å vite, utan å handle.

KrF veit. Derfor er vi klare til å handle. Utviklingsmeldinga som vi laga førre periode er eit eksempel. Den gav oppslutning om KrFs politikk med vekslande fleirtall. Og vi har meir å gjere der. Og vi kan gjera tilsvarande initiativ på mange andre område. Vår posisjon i Stortinget gjer dette mogleg.

Vi står i ein viktig vippeposisjon. Den skal vi bruke klokt.

Kanskje kan vi vinne desse kampane på same måte som vi så langt har vunne kampen om søndagen. Gjennom breie alliansar. Gjennom å nytte posisjonen som sentrumsparti.
Og gjennom hardt arbeid, gode argument og best politikk.

Så til alle dei som har spurt meg dei siste vekene om KrF kjem til å gjere det same etter valet som vi sa før valet, vil eg svare: Sjølvsagt! Det er mange forslag til kva KrF bør gjere no. Innboksen min er full av innspel og gode råd.

Det er mange gode råd frå KrF-eldsjeler som har stått på i årevis. Dei vert lytta til.

Det er òg påfallande mange av råda kjem frå folk som for knapt to veker sidan stemte heilt andre parti enn KrF.

Til desse vil eg sei takk og ein ting til: Dersom vi får like mange fleire stemmer i 2021 som vi no får gode råd, vil partiet få eit skikkeleg løft ved neste val. I 2013 sa vi ein ting før valet og gjorde akkurat det same etter valet.

Folk kunne stole på KrF. Før dette valet sa vi gjennom valkampen at vi ønsker ei regjering beståande av partiet Høgre og sentrum, med Erna Solberg som statsminister.

Dersom vi ikkje lukkast med det, var vi også ærlege på at regjeringssamarbeid med Frp ikkje var aktuelt.
    
Då går vi i opposisjon. Det vi sa om samarbeid i valkampen forplikta oss:

Vi har sagt det same etter valet som vi sa før valet denne gongen òg. Mitt råd er klart: Vi skal gjere det vi seier og seie det vi gjer.

Gode landsstyre, partileiinga legg opp til ei brei og grundig drøfting av den politiske situasjonen etter valet og dei ulike vegvala for KrF framover. Det blir ei viktig drøfting.

Eg har sagt det før, men gjentek det gjerne:
I denne valkampen vart det hevda at debatten om kven KrF skal samarbeide med, er ein debatt om KrFs sjel.

Til dei som meiner dette vil eg sei klart og tydeleg: Dykk tar feil. KrFs sjel ligg i den politiske bevegelsen vi er som parti i sentrum av norsk politikk.

KrFs sjel er den same i dag som då partiet vart stifta i 1933.

Berre sjå på det historikar Kåre Olav Solhjell skriv i boka si «Tru og makt – Kristeleg Folkepartis historie 1933 – 2008».

Der løftar han fram det oppropet som vart skrive av partistiftarane, og korleis dette oppropet bad veljarane om tilslutning til seks retningslinjer som skulle leggast til grunn for styringa av landet:
Desse handla om korleis vi måtte «verna om kristelege og nasjonale verdiar i kyrkje, skule, arbeidsliv og kulturliv».

Korleis vi måtte kjempe for «sosial rettferd». Korleis vi måtte kjempe mot rus og dei negative konsekvensane av den.

Korleis vi skulle bidra å hjelpe fram alle gode næringar, med særleg omsorg for bonde- og fiskarfolket. Korleis vi skulle stå opp for folkestyret og rettsstaten. Og til slutt: Korleis vi skulle bekjempe krig og konflikt i verda.

Ja, eg vil sei KrFs sjel er den same, 84 år etter stiftinga:
I kampen for den kristne kulturarven og våre viktige verdiar;
I kampen for menneska sin ukrenkelege verdi.
I kampen for sosial rettferd.
I kampen for familiane.
I kampen for distrikta.
I kampen for verdas fattige.

Vi er stolte av å høyre til i ein politisk bevegelse som kjempar for noko som er større enn seg sjølv!

Det er KrFs sjel.
Tusen takk.