Globale problem krev samarbeid og kutt heime

– Dei globale klimautfordringane krev at vi både samarbeider internasjonalt og gjer betydelige kutt heime. Vi blir meir offensive gjennom å forplikte oss, seier Tore Storehaug i energi- og miljøkomiteen. Difor støttar KrF klimastrategien om samarbeid med EU om forpliktande kutt i ikkje-kvotepliktig sektor.

Stortingsrepresentant Tore Storehaug foran Stortinget
Stortingsrepresentant Tore Storehaug.

– KrF vil ha på plass ein god avtale med EU som sikrar at Noreg er i front og jobbar saman med Europa om dei gode løysingane på våre felles utfordringar. Dette er å ta ansvar for vårt globale fellesskap, seier Tore Storehaug i energi- og miljøkomiteen.

Stortingsmeldinga legg føring for Noregs samarbeid med EU og trekk hovudlinja i korleis vi skal kutte våre utslepp fram mot 2030.

I stortingsmeldinga er KrF med å foreslår utsleppsfrie verdsarvfjordar, omstilling i maritim sektor, ein nordisk hydrogenstrategi og at all kollektivtrafikk skal vere fornybar innan 2025.

– KrF er med det med å legge fast prinsippa for forhandlingane vi skal ha med EU. I dette arbeidet har KrF saman med Venstre, Høgre og FrP gjort det klart at ambisjonen er å ta så mykje som mogeleg av kutta nasjonalt, at regjeringa skal legge fram utsleppsbaner for kvar enkelt sektor, altså landbruk, transport, industri og så vidare. I tillegg slår vi fast at ein einigheit med EU ikkje skal vere eit maksimumstak for omstilling i Noreg, seier Storehaug.

I arbeidet med meldinga har det vore uro frå norsk skognæring om at tilknyting til EU sin klimastrategi for landbruk og skog (LULUCF) skal gå på tvers av vedtatt skogpolitikk i Noreg som vil ha auka avvirkning.

– Vi har fått til offensive merknadar som slår fast at Noreg og norsk skognæring ikkje er tilpassa det originale framlegget frå kommisjonen, då må regjeringa bruke handlingsrommet vi har i forhandlingar med EU og jobbe for kompensasjon, seier Storehaug.