Glad for breid iskantsemje

-Brei semje om ei definert grense for petroleumsverksemd er eit lite steg for det tverrpolitiske samarbeidet, men eit stort steg for hoppekrepsen, seier miljøpolitisk talsperson Tore Storehaug i KrF.

Tore Storehaug

Måndag blei det klart at eit breidt fleirtal av regjeringspartia, Frp, Ap og SP støtter regjeringa sitt framlegg om at grensa for petroleumsverksemd ved iskantsona vert til det er 15 prosents sjans for isførekomst i april månad.

Usikkerhet om iskantsonebestemmelsane har vore eit problem i lang tid. I den raudgrøne regjeringa si tid, tok oljestatsråd Borten Moe til orde for eit flytande grense, basert på faktisk observert iskant til einkvar tid.

Denne regjeringa har flytta iskantdefinisjonen sørover. Det er svært viktig fordi havområda i iskantsona er levestad for ei rekkje arter, ein biologisk motor for heile havområda våre. Noreg har eit særleg ansvar for å forvalte dei arktiske havområda våre på ein berekraftig måte.

-Det har blitt gjort eit poeng av at dette skal revurderast om fire år. Det ligg det ingen dramatikk i, seier Storehaug.

Det er det normale tidsintervallet for rullering av forvaltningsplanane.

Det viktig her er at ein får satt ei grense for oljeverksemd i den sårbare iskantsona. Dette gir også føreseielege rammer for næringsverksemd i området, seier miljøpolitisk talsperson Tore Storehaug i KrF.