Gje dei tid til sorg

Leder av Rogaland KrF Kvinner Anne Kristin Bruns på talerstolen i forbindelse med fylkesårsmøtet.

Slik det er i Noreg i dag blir sorg gjort til sjukdom gjennom sjukemelding fordi det ikkje er ei passande ordning eller diagnose. Difor vil vi arbeide for innføring av sorgmelding/sorgpermisjon som set ei rett diagnose overfor menneske som er i sorg.

Sorg og sorgprosess er individuelt, og sorg går i bølger. For nokre kan det vere naturleg å gå tilbake til jobb etter forhaldsvis kort tid, medan andre treng meir tid. Arbeidsmiljølova regulere ikkje retten til lønna eller ulønna arbeid i forbindelse med dødsfall i nær familie. Ved innføring av sorgmelding blir sorga si smerte og dei fysiske og psykiske reaksjonane meir synleg, og  dette vil gi en anerkjenning av at sorgreaksjonar kan gi ein midlertidig arbeidsudyktig.

I dag er det slik at når ein mister eit barn eller nær pårørande og treng ei sjukmelding får ein vanlegvis ein psykiatrisk diagnose fordi desse gjev rett til sjukepengar. Det gjev eit uriktig bilete av situasjonen, og gjer at ein set ei ufullstendig diagnose.

Rogaland KrF ønske ei meir presis og fleksibel ordning som både set rett diagnose, gjev dei som treng det meir tid til bearbeiding av sorga, samt forebygge at sorga kan utvikle seg til sjukdom. Kostnadane med sorgmelding/sorgpermisjon vil ikkje nødvendigvis gje auka utgifter til staten sidan mange allereie er sjukmelde, men med «feil diagnose».

I januar 2021 innførte Danmark sorgpermisjon, der foreldre som mister barn får rett til full lønn inntil 26 veker etter dødsfallet. Både mor og far/partner som har mista barn etter veke 22 i svangerskapet og opp til 18 år rett til sorgpermisjon. Også i Sverige og Finland har etterlate fått foreldre-permisjonsordningar som gjev rett til (full)lønn for ei periode etter tapet til begge foreldra.

Rogaland KrF meine at

  • Noreg må ha si eiga sorgmelding/sorgpermisjonsordning
  • Ein må innføre ei presis og fleksibel ordning som set rett diagnose