Gamle Ingeborg blei redninga for Olaug

– Mange eldre har mykje meir å bidra med enn dei kanskje trur, seier Olaug Bollestad. Då ho vaks opp, var det fleire eldre menneske som blei viktige i livet hennar.

Bilde av Olaug Bollestad side om side med bilde av Ingeborg Sørhus, som var en viktig figur for Olaug i oppveksten.

KrF-nestleiaren vaks opp på Jørpeland i Rogaland. Ho har fleire gonger dei seinare åra fortalt om korleis mora hennar fekk ein fødselsdepresjon då ho vart fødd.

– Mora mi var psykisk sjuk, så plutseleg kunne det gå fleire veker utan at ho snakka til oss ungane. Eg tenkte ofte på om det var min feil, om det var noko eg hadde gjort gale. Det var vondt og gjorde meg usikker, fortel Olaug.

Faren arbeidde på stålverket på staden og var ein av bautaene i livet hennar. Men også ei av dei eldre kvinnene på bedehuset blei særs viktig for Olaug.

– Det er ikkje noko att etter ho, inga gravstein, ikkje noko minnesmerke eller noko slikt. Men sånne menneske som Ingeborg Sørhus, dei skulle ha vore på ein pidestall, utbryt Olaug engasjert.

– Eg meiner at Ingeborg blei ei redning for meg. Det at ho hadde tid, og at ho såg ei ung Olaug som hadde så mange spørsmål og tankar, det var utruleg verdifullt for meg.

Ikkje stilen det kjem an på

Olaug fortel at Ingeborg Sørhus slett ikkje var særleg «hipp» eller «kul». Ho gjekk alltid to skritt bak mannen sin David, det var David som klipte håret hennar, og ho sa aldri noko på møta på bedehuset.

– Heller ikkje heime var det spesielt råflott eller stilig. Men ho hadde ein divan og eit bord med småkaker og sitronbrus. Og så hadde ho tid, omsorg og klokskap. Og det var akkurat det eg trengte.

Det var ei krevjande tid for ei ung jente, og Olaug fortel at livet potensielt kunne ha tatt heilt andre retningar, om det ikkje hadde vore for Ingeborg.

– Eg hadde mykje sinne i meg på den tida. Og det var så mykje eg ikkje forstod, både av det med mor sin sjukdom, og av ting dei sa på møta på bedehuset. Men Ingeborg kunne forklare. Ho trygga meg til dømes på at det ikkje var min feil at mor var sjuk, og det var viktig.

Olaug fortel at ho på den tida gjekk med flanellskjorte, boots og rufsete hår, og sikkert kunne oppfattast litt rebelsk.

– Ingeborg var jo ei godt vaksen dame, og ho kunne veldig fort ha tenkt: «eg har ikkje noko å kome med til ei sånn ung jente. Eg kjenner ikkje kulturen hennar. Ho synst nok ikkje at det er interessant å snakke med ei gammal dame som meg», fortel Olaug.

– Eg er evig takksam for Ingeborg, for at ho likevel torde. At ho tok det skrittet og inviterte meg inn. At ho valde å bruke tid med meg.

Søndagsskulelæraren Georg

Olaug skapte også furore første gong ho var innom bedehuset som ung tenåring. Det var årsmøte der, og ho gjekk opp og sa akkurat kva ho meinte då dei diskuterte aldersgrense for å kunne stemme på bedehuset. Då blei det liv i debatten. Då ho kom ned på plassen sin igjen, var det søndagsskulelæraren Georg, ein annan av dei eldre på bedehuset, som sat ved sida av ho. 

– Georg kunne ha sagt: «sjå kva for spetakkel du har skapt!» Då hadde eg gått ut dørene og aldri kome attende. Men i staden la han armen rundt meg, såg meg i auga og sa: «jysla godt sagt», fortel Olaug.

– Eg veit ikkje om han nødvendigvis var heilt einig med meg, men det viktigaste for meg var at det var ein av veteranane som såg meg og oppmuntra meg til å seie det eg meinte. Den måten å møte unge menneske på håpar eg at eg og kan bidra med når eg vert gammal.

Eldre har mykje å kome med

Olaug trur mange unge i dag kan setje veldig pris på å møte og snakke med eldre menneske.

– Eg er så opptatt av at vi ikkje må tenke på eldre som uinteressante eller irrelevante. Det gjeld ikkje minst dei eldre sjølv. Dei må ikkje avskrive seg og trekke seg attende.

Kanskje i endå større grad enn før bur familiar spreidd i ulike delar av landet. Det kan vere langt mellom besteforeldre og barnebarn. Og fleire gamle har ikkje eigne barnebarn heller. Olaug Bollestad meiner dei likevel kan bety mykje for unge som dei har rundt seg.

– Eg tenkjer det er kanonviktig at vi som samfunn legg til rette for at dei livserfaringane, den kunnskapen og den visdommen som mange eldre sit på, at den kjem vidare til generasjonane som kjem etter oss, seier Olaug.

– Kanskje er det ikkje alle som klarer å henge med på all den nyaste teknologien, musikken eller klesstilen. Sjølv om det er mange eldre som får god sving på iPad-en og etter kvart. Men i ein hektisk kvardag trur eg mange unge kan synast det er verdifullt å treffe nokon som har tid til dei. Til å sjå dei og snakke med dei. Akkurat som Ingeborg var der for meg.