Fylkesstyret vil beholde domstol i Øvre Telemark

Bilde av fylkesstyret

Kristelig Folkeparti Vestfold og Telemark KrF meiner at det er mykje viktig å behalde ein domstol i Øvre Telemark. Vest-Telemark tingrett og Øvre Telemark jordskifterett vart samlokaliserte i Statens Hus i Kviteseid i 2008. Kontor/rettslokale vart utbygde med tanke på tenleg samordning: felles funksjonar for administrativ del av arbeidet, supplering og aktuell assistanse på fagleg relaterte oppgåver. Det er no 5 årsverk i jordskifteretten og 4 i tingretten. Avstand er ein sentral faktor for aktørane i retten. Sakene vert best løyste om det ikkje er for lang avstand mellom domstolane og partane. Vedtatt i fylkesstyret i Vestfold og Telemark KrF 22.mai 2019.