Fjerning av kontantstøtta vil auke utanforskap

Illustrasjonsbilde: www.colourbox.com

Kontantstøtta er suveren ved at den treff familiar med vedvarande låginntekt – nokon kallar dei fattige. Difor vil fjerning av kontantstøtta auke den økonomiske ulikskapen i Noreg. For ikkje å gløyme at for staten er kontantstøtta billegare enn ein barnehageplass.

Ei fjerning av kontantstøtta vil koste låginntektsfamiliar inntil kr 90.000,- i tapte inntekter pr. år.
Forsking seier at å fjerne kontantstøtta ikkje vil hjelpe dei svakaste stilte kvinnene inn i arbeidslivet, men redusere inntektene i mange låginntektsfamiliar, auke barnefattigdomen og den økonomiske ulikskapen i Noreg. Desse familiane har ikkje nokon fordel av ventestøtte slik Ap, H og Sv ønskjer, fordi mange ikkje ønskjer barnehageplass. Statistikken viser at mange av kvinnene som ikkje har jobb etter å ha fått kontantstøtte, heller ikkje hadde jobb på førehand. Alle familiar er forskjellige og har ulike behov. Barnehagar er bra for dei aller fleste borna. Men born er forskjellige, og nokon eitt-åringar treng litt lenger tid heime med mor og far.

Vi må ha ei valfriheit som ein kan tilby alle, ikkje berre dei med god økonomi. Den første småbarnsfasen er viktig, ikkje berre for barnet, men også foreldrene og familien. Skal det fødast fleire born her i landet må arbeidslivet tilpasse seg familien, ikkje omvendt. Ofte blir barn nr 3 valt bort, fordi kostnaden med to born i barnehage, og kanskje ein på SFO rett og slett blir for dyrt. For ikkje å snakke om tidsklemma i ei slik periode av livet.

Forsking seier mykje om dei negative sidene av kontantstøtta, men der finst ei studie om avvikling av kontantstøtte for to-åringar av Frischsenterets Nina Drange. Den seier at avvikling av kontantstøtte ikkje førte til meir arbeid for kvinner som hadde låg utdanning eller låg inntekt frå før. Det var ingen tilsvarande positiv effekt på arbeidstilbodet blant mødrene som ikkje har fullført vidaregåande skule eller har lågast inntekt. Samfunnsøkonom Markus Weierud konkluderar i masteroppgåva si at ei mogleg forklaring på at desse kvinnene ikkje auka arbeidstilbodet kan vere friksjon i arbeidsmarknaden, eller at dei elles ikkje deltek i arbeidsmarknaden.

I eit langsiktig samfunnsøkonomisk perspektiv løner det seg å investere i familiane. KrF har sikra familiar valfridom gjennom kontantstøtte i meir enn 20 år. Vi ønskjer å styrke familiane, ikkje styre dei!


Fylkesstyret i Møre og Romsdal KrF