Ferjefritt Stavanger

Rogaland KrF vil fjerna barrierer for å realisera verdiskaping i heile fylket. Mange øyar i den nye Stavanger-kommunen ser vegen sin stengt store deler av døgeret. For å sikra ei framtidsretta næring i regionen, må Stavanger kommune gjerast mest mogleg ferjefri, uttalte fylkesårsmøtet i helga.

Bilde av Kjell Nes og Henrik Halleland på fylkesårsmøtet i Rogaland KrF i 2018
Representanter fra Finnøy KrF fikk med seg fylkesårsmøtet på en uttalelse om et ferjefritt Stavanger.

Størst verdiskaping i den nordre delen av den nye kommunen, er det i dag frå havbruk og landbruk. I framtida kan ei veksande reiselivsnæring og verta viktig.  Havbruksnæringa er spådd ein stor vekst i tiåra som kjem, og er ei grunnleggjande næring i regionen vår. Opne vegar er ein føresetnad for desse næringane, for å kunna konkurrera i framtida.   

All nyetablering og vekst er avhengig av god kommunikasjon. Det same gjeld busetjing, med nærleik til arbeidsmarknad og tenestetilbod. Folketalsutviklinga viser dette klart på øyane i Boknafjorden.  

Regjeringa har opna for å nytta ferjeavløysingsmiddel i 40 år.  Fylkeskommunen har eit særskilt ansvar, både som vegeigar og regionalutviklar i slike saker.  Vegvesenets rapport frå Oslo Economics AS viser i middel ei kostnadsauke på 80 % for 22 ferjesamband i heile landet. Med krav om betra ferjemateriell og kaianlegg vil dette gi fylket store kostnader framover.  

Rogaland KrF vil:

  • Nytta dei kring 150 mill kr årleg dei reisande og fylkeskommunen i dag brukar på eksisterande tilbod i fjorden til å byggja eit vegnett for framtida i nye Stavanger.