Elevane treng ei meir rettferdig fråværsgrense

Fråværsgrensa gjer resultat, men på bekostning av elevane. Fråværsgrensa må bli meir rettferdig.

Rogaland KrF avhold digitalt fylkesårsmøte lørdag 20. februar 2021.

I 2016 vart fråværsgrensa for elevar i vidaregåande skular innført i Norge. Den grensa vart sett på 10% i alle fag. Dersom ein går glipp av 10% eller meir av undervisninga i eit fag, vil du ikkje få gyldig karakter i det gjeldande faget. Fråværsgrensa har hatt ein veldig positiv effekt i høve til å halde fleire elevar i timane. NRK skreiv i 2019 at fråværet hadde gått ned med 20% for gjennomsnittseleven, og at karakterane hadde gått opp etter innføringa av fråværsgrensa. Derfor er intensjonen bak  fråværsgrense i utgangspunktet bra. Problemet oppstår når me ikkje lenger ser på gjennomsnittseleven, men heller dei mange enkeltelevane som har problem med grensa.

I dag er timesfordelinga for vgs veldig varierande. Enkelte fag har 2 timar i veka, andre har 3, 4, 5, osv. Når fråværsgrensa er satt på 10% i alle fag uansett, betyr det at du kan gå glipp av mange fleire timar i femtimersfaga enn totimersfaga. Ei meir fleksibel fråværsgrense vil i større grad ta hensyn til elever som av ulike grunner ikkje alltid kan møte til undervisning.

Fråværsgrensa bør bli meir rettferdig. Det vil sikre at alvoret av fråværsgrensa fortsatt består, men ein kan unngå at elevar stryk  i faget sitt på grunn av banale årsaker som å forsove seg ein gong for mykje. Dersom ein forandrar prosent-grensa på dei minste faga (2- og 3-timersfaga) frå 10% til 15% og held 10% grensa på dei større faga vil det gjere at det faktiske fråværet vektleggjast meir enn prosentdelen av faget.

Fråværsgrensa har hatt god effekt. Den har fått fråværet ned og læringsgrunnlaget opp. Likevel er den enda ikkje perfekt. Konsekvensane for fråvær i mindre fag er for fatale, og rammer elevane sitt vurderingsgrunnlag alt for hardt. Elevane fortener ei endå meir rettferdig fråværsgrense.

Rogaland KrF vil:

  • oppjustere fråværsprosenten til 15% i 2 og 3-timers fag i videregåande skule

Basert på resolusjonsforslag fra Lars Ramsli Søyland på vegne av Rogaland KrFU