Ein kan unngå liding og død

– det handlar om likestiling

Bilde av Hjørdis Almelid Vikenes
Hjørdis Almelid Vikenes

KrF sitt kvinneutval i Møre og Romsdal krev at alle helserelaterte forskningsprosjekt tek med både kvinner og menn i forskingsutvala. Medisinsk kunnskap om sjukdomar og verknader av legemiddelbruk byggjer framleis i alt for stor grad på menn. Det er på tide at det vert forska på kvinnehelse slik at vi sikrar riktig behandling også til kvinner. 

Kvinnehelsedagen vart markert 29. mai av Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS). Dei stiller spørsmålet: Kor likestilte er vi i dag? KrF sitt kvinneutval i Møre og Romsdal meiner dette er eit viktig spørsmål. Kvinner får alt for ofte ikkje riktig diagnose, eller adekvat behandling,noko som kan føre til unødvendig liding og i verste fall død. Sjølv i likestilte Norge er det framleis ikkje likestilling i helsetilbodet. Forskning på kvinnehelse må derfor prioriterast høgt, og kvinner må takast med i alle forskingsutvala.

Kvinner har andre risikofaktorar for hjartesjukdom og får andre variantar enn menn. Kvinner har også mindre nytte av standardbehandling utvikla for hjartesjukdom enn menn. Det er derfor store hol i den medisinske kunnskapen om kvinner si hjartehelse. Desse hola kan ikkje tettast ved meir forsking på menn, men det det bør iverksetjast eit eige forskingsprosjekt på kvinnehjarte. Hjarterelaterte sjukdomar er den største dødsårsaka hjå kvinner, då det kvar dag døyr to til tre kvinner av hjarteinfarkt. Hjå menn er ei tett blodåre i hjartet årsaka til hjarteinfarkt, men hjå 23 % av kvinnene er det ikkje ei tett åre som er årsaka til hjarteinfarktet. Vi veit i dag ikkje korleis desse hjarteinfarkta best kan førebyggjast og behandlast.

Nyare forsking viser at kjønn påverkar helsa generelt, og dette må difor bli ein sentral del av moderne persontilpassa medisinsk behandling. Dei biologiske skilnadene mellom kvinner og menn har særlig betydning for hjarte, hjerne og immunfunksjon. Noreg bør gjere som EU, og kreve at begge kjønn vert tatt med i helserelaterte forskningsprosjekt. 

Ein av ti kvinner lir av endometriose, der cyster og samanvekstar i underlivet kan føre til sterke kroniske smerter og barnløsheit. Behandling kan gjevast, men det er for liten kunnskap om tilstanden blant norske leger, og mange går i årevis med symptom utan å få gehør hjå lege, eller å få den nødvendige diagnosen for behandling. Endometriose er også ein progressiv sjukdom som blir verre om den ikkje vert behandla. Eit nasjonalt senter er derfor nødvendig for å få sett tilstrekkelig fokus på denne sjukdommen, og for å forsterke kunnskapen på dette området. I Noreg treng vi også langt fleire vulvaklinikkar, som behandlar smertefulle tilstandar i underlivet med tverrfaglig kompetanse. I Sverige er det over 20 slike, mens vi har berre tre klinikkar og ventelistene går over fleire år. 

Vi veit enno ikkje nok om kvinnene sine sjukdommar og lidingar – noko som igjen gjev avgrensa kunnskap hjå helsepersonell i møte med pasientane sine behov. Det trengs forsking som kan bidra til auka kompetanse og betre behandling. Så viss vi verkeleg ønsker likestilling mellom kjønna, må vi i større grad ta kvinnene si helse på alvor.


Hjørdis Almelid Vikenes
KrF sitt kvinneutval i Møre og Romsdal