Ein berekraftig velferdsstat

Bilde av Henning Holsvik

Noreg er eit godt land å bu i, verdas beste etter mange målestokkar. Ein velfungerande velferdsstat er mykje av grunnen. Vi har mellom anna gode tenester som utdanning, helsevesen, eit økonomisk sikkerheitsnett om vi skulle vere uheldige i livet og gode tenester for ein trygg alderdom.

For at velferdsstaten skal fortsette å kunne tilby våre innbyggjarar gode tenester, må vi tilpasse oss utfordringane i framtida – og tenkje nytt på korleis vi kan løyse utfordringane.
Noreg har verda si største offentlege sektor, noko som i stor grad er ryggraden til velferdssamfunnet. Samtidig er det ei av utfordringane til berekrafta til velferdssamfunnet – i hovudsak på grunn av mykje byråkrati – der ein stor andel administrative tenester i det offentlege opptek ressursar som kunne gått til tenesteytande sektor, som barnehage, skule, helsesektor m.m.

Skal vi møte framtida si stadig aukande og eldre befolkning, og i tillegg sjå at gullalderen med oljeinntekter går mot ein slutt, må vi omstrukturere og tenkje nytt i offentleg sektor. Det KrF vil er å sørge for at offentleg sektor kan nytte digitalisering og ny teknologi for å løyse oppgåver på nye og innovative måtar.

Eit døme er det som blir kalla «virtuelle tilsette», som er ei programvare i form av «kunstig intelligens» som kan utføre rutineprega oppgåver som skjema, søknadar m.m. Dette ville gitt raskare saksbehandling og samstundes frigi ledig kapasitet til meir krevjande oppgåver. Totalt sett ville det også på sikt frigi ressursar som kan brukast i tenesteytande oppgåver, framfor administrative oppgåver. Equinor og Lånekassa er blant dei som med stort hell har gjort ei slik omstilling. Dette burde også kommunane, regionane og statlege organ fått standardiserte verktøy til, for nettopp å sikre gode tenester til innbyggjarane for framtida. KrF ynskjer meir teknologi som fremjar det beste for fellesskapet. 

Det neste vi treng for å drifte velferdsstaten, er inntekter. KrF vil føre ein målretta næringspolitikk som bidreg til fleire arbeidsplassar, innovasjon og nyskaping. Vi treng fleire arbeidsplassar innan industri og eksportnæring. Maritim industri, industri bygd på ei ny verdikjede ved bruk av karbon frå CO2 fangst, (CCU/CCUS) teknologiutvikling, batteriindustri, for ikkje å snakke om potensialet i gruvedrift på havbotnen, for å nemne nokre punkt. 

Berekraft er det som må vere gjennomgåande i alle desse punkta, for vi kan ikkje risikere at miljøøydelegging blir ein konsekvens av inngrep. Skånsame metodar må nyttast, det vere seg i utvinning av mineral til det grøne skiftet, eller i annan industri som skal produsere og eksportere varer. For KrF har det lenge vore eit viktig poeng at det skal lønne seg å investere i bedrifter, då gjennom mindre skatt på det som blir kalla for arbeidande kapital (maskiner, bygningar material m.m.)

Verdiskaping er viktig for Noreg, både for å skape arbeidsplassar og få menneske inn i arbeid, men også for å oppretthalde skatteinntektene til velferdssamfunnet. Det betyr ikkje nødvendigvis at det skal vere evig vekst, men at vi finn nye måtar å løyse problema på – ikkje berre her i Noreg – men også i andre land. Nye verdikjeder basert på sirkulær økonomi blir viktigare og viktigare. Vi må også i større grad kunne sjå menneske med ulike utfordringar som ein ressurs – ikkje ein byrde.

Vi er nøydde til å sjå på andre moglegheiter i offentleg sektor enn å berre kutte med «ostehøvel», eller auke kostnadane til eit stadig veksande byråkrati. Vi treng meir kreative løysingar og digitale verktøy for å oppnå dei løysingane. Vi treng også vilje til omstilling samt å gjere ting annleis, nettopp for å bevare dei gode tenestene som velferdsstaten gir oss, også i framtida.


Henning Holsvik
5. kandidat Møre og Romsdal KrF