Ei vanskeleg prioritering

KrF blir utfordra på innføringa av betaling for køyretøy på ferjer i Rogaland. Eg forstår godt at det blir stilt spørsmålsteikn ved dette. For me i KrF vil ha gratis ferjer og tenker dette er eit godt tiltak.

Eg har stor forståing for at folk har vore skuffa over KrF i denne saka, og eg vil be om orsaking for at me fram til no ikkje har klart å fylla opp denne delen av programmet vårt – Anne Kristin Bruns, gruppeleiar for fylkestingsgruppa til Rogaland KrF.

Samtidig vil me mykje meir. Me vil òg ha eit godt kollektivtilbod, trygge vegar og god vidaregåande opplæring i heile fylket vårt. Me ønsker å gi betre tenester til dei som strever på skulane og bidra til at Rogaland er det beste fylke å veksa opp i. I likskap med dei fleste andre parti, så har me større ambisjonar enn det dei offentlege midla strekk til. Når då Rogaland fylkeskommunen får betydelege kutt i midla frå staten, så strekk ikkje midla til dei politiske ambisjonane. Då må det gjerast vanskelege prioriteringar. For KrF var den vanskelegaste av desse å måtte ta betalt for køyretøy på ferjene.

I budsjettforhandlingar må partia bli einige om både kor ein skal plussa på og kor ein skal trekka frå. Det er krevjande arbeid. KrF gjekk ikkje inn i forhandlingane med ønske om å kutta gratis ferje. Me hadde ein klar prioritering om at me måtte bevara hurtigbåtstrukturen. Til slutt vart Høgre, Frp, KrF og Venstre einige om å finansiera hurtigbåtane med betaling for køyretøy på ferjene. Ferjepassasjerar skulle framleis reise gratis.

Sidan budsjettet vart vedtatt i fylkestinget har mykje skjedd. Regjeringa har sendt fylkeskommunen brev om at dei vil trekke frie midlar dersom ein ikkje stoppar å ta betaling for køyretøy på ferjer. Dersom Stortinget vedtek dette må vi ta konsekvensane av det og gjera nytt vedtak.

Samtidig er det viktig for KrF å krevja at ordninga med gratis ferje må bli fullfinansiert. Det er i utgangspunktet ikkje haldbart at regjeringa instruerer fylkeskommunen i bruken av frie inntekter, men alvorligheiten blir forsterka av at det gjeld ei underfinansiert ordning.

Eg har stor forståing for at folk har vore skuffa over KrF i denne saka, og eg vil be om orsaking for at me fram til no ikkje har klart å fylla opp denne delen av programmet vårt. Samtidig er eg glad for at me i ei krevjande økonomisk tid så langt har klart å skjerma større hurtigbåtkutt.

Anne Kristin Bruns

Gruppeleiar fylkestingsgruppa Rogaland KrF