Ei landsdekkande folkekyrkje

Den norske kyrkja er inne i ei stor omlegging etter vedtaket om skiljet mellom stat og kyrkje. Stortinget har likevel skrive inn i grunnlova at «Den norske kirke, en evangelisk luthersk Kirke, forbliver Norges Folkekirke og understøttes som saadan af Staten » Det betyr at vi skal ha ei «landsdekkande folkekyrkje». Kyrkja sjølv har uttala at dei skal vere ei vedkjennande, open, tenande og misjonerande kyrkje for folk i heile landet.

Stortinget må i overgangen avklare viktige spørsmål, som lovgrunnlag og framtidig økonomi for kyrkja. Den norske kyrkja er eit trudomssamfunn og må behandlast som eige rettssubjekt (slik intensjonen er frå 2017) – verna for innblanding i indre tilhøve. KrF meiner Den norske kyrkja må få høve til å organisere sitt indre liv gjennom kyrkja sine eigne organ. Når arbeidsgjevaransvaret for prestane skal overførast frå staten til kyrkja, må statlege løyvingar leggja til rette for at kyrkja kan ivareta si arbeidsgjevarrolle, styrke rekrutteringa til yrket og sikre prestedekning i heile landet.

For KrF er det viktig å lytte til kva kyrkja sine eigne organ sjølve meiner. Samtidig meiner vi det må leggast til rette for strukturar og økonomi som sikrar at kyrkja framleis vert ein del av lokalsamfunna i heile landet, og at ein tar vare på både dei kulturelle og åndelege verdiane kyrkja forvaltar.

I mange av landets kommunar er kyrkjebygget det eldste bygget i kommunen og har i all tid hatt sterk lokal identitet. KrF meiner staten bør ta på seg eit økonomisk ansvar for vedlikehaldskostnadar som oppstår på bakgrunn av at Den norske kyrkja forvaltar viktige nasjonale kulturminneverdiar. Vi støtter difor at departementet i sitt høyringsdokument legg til grunn at stat og kommune framleis skal ha eit økonomisk ansvar for kyrkja.

KrF vil derfor:

  • At Stortinget lagar ei ny kyrkjelov, og ikkje berre ei rammelov som gjeld for alle trudoms- og livssynssamfunn. Lovteksta må utformast slik at kyrkja vert sikra vern mot politisk press og innblanding i indre tilhøve.
  • At Den norske kyrkja framleis vert finansiert gjennom kommunale og statlege middel. Grunngjevinga er kravet om ei landsdekkande kyrkje, gravplassforvaltning og dei kulturelle verdiane kyrkja forvaltar for fellesskapet. Andre trussamfunn skal få likeverdige økonomiske vilkår.