KrF meiner at den norske regjeringa bør ta initiativ til ein koordinert innsats for asylsøkarane som har nådd Europa. Norge bør varsle at vi er villige til å ta vår del av ansvarsfordelinga av asylsøkarar og bidra til eit betre mottaks- og transittsystem ved Schengens yttergrenser.
I Syria er vi vitne til den verste flyktningkatatrofa sidan andre verdskrig. Innsatsen for å hjelpe menneska på flukt må difor kome på fleire nivå. Land som Norge må ta imot fleire flyktningar i tillegg til at ein bør søke å hjelpe flest mogleg flyktningar i nærområda til Syria. Mange menneske legg likevel ut på flukt på eiga hand, og tar seg inn i Europa sjøvegen – anten frå Libya til Italia og Malta, eller frå Tyrkia til Hellas. KrF anerkjenner at desse menneska i tråd med folkeretten og asylretten har rett til å søke tryggleik i Europa.
I år har meir enn 380 000 flyktningar kryssa Middelhavet til Europa. Mange land, til dømes Hellas, Italia og Malta, opplever eit sterkt press på sin infrastruktur og sine institusjonar på grunn av det store talet flyktningar. Norge er part i alle dei felleseuropeiske flyktninginstitusjonane, men Europa manglar etablerte system for ansvarsfordeling i ein situasjon med masseflukt. Innanfor dagens Dublin II-avtale meiner likevel KrF at Norge i denne situasjonen no bør nytte unntaksbestemmingane om å ikkje sende asylsøkarar tilbake til land med stort press på sitt mottakssystem.
Det er eit felleseuropeisk ansvar å hjelpe flyktningane best mogleg. Eit klart fleirtal av EU-landa stemte denne veka for å fordele 120 000 asylsøkarar mellom medlemslanda, og Norge har varsla at landet vil ta del i denne fordelinga. KrF forventar at Norge går endå lenger, ved å gje ei konkret tilslutning til fordelingsnøkkelen for ansvarsfordeling som president Jean-Claude Juncker i Europakommisjonen har foreslått. I denne fordelingsnøkkelen ligg det at 180 000 flyktningar skal fordelast på dei europeiske landa. Norge bør òg varsle EU om at vi er villige til minimum å ta vår andel av desse flyktningane.
Vidare meiner KrF at Norge bør ta initiativ ovanfor dei europeiske landa til eit koordinert mottaks- og transittsystem i dei landa i Schengen si yttergrense som får flest flyktningar inn over sine grenser. Ingen enkeltland skal måtte stå åleine i handteringa av så store utfordringar. KrF legg til grunn at viss det innførast ei raskare fordeling mellom dei europeiske landa, så kan det innførast mottaks- og transittsenter i Hellas, Italia og Malta. Her kan flyktningane vere i maksimalt to til tre veker, før dei sendast vidare til eit permanent europeisk mottaksland.
Vedteke av KrFs landsstyre 26. september 2015