E134 viktig for alle

Vi treng ein trygg og vintersikker veg og transportkanal over Haukeli snarast råd, uttaler fylkesårsmøtet til Rogaland KrF i denne resolusjonen.

Eivind Susort fra Tysvær KrF orienterer Hadle Bjuland om Frakkagjerd-krysset.

Rogaland KrF vil vera ein pådrivar for at vi får realisert ny vintersikker veg over Haukeli så fort som mogleg. Utrekningar viser at ei slik investering vil vera svært lønnsam for samfunnet. Vi treng ein ny veg med lange tunnelar slik at vi kan unngå stopp på fjellet på grunn av uvær. Med stadig meir ekstremvær er det ekstra viktig at vi får ein sikker og god fjellovergang som er open alle årstider. Med betre transportkorridorar både mot Stavanger og Bergen vil Haukelivegen som knutepunkt mellom aust og vest bli ein svært effektiv veg for svært mange. Ny og moderne veg mellom aust og vest over Haukeli må prioriterast høgt.

Vestsida av E134 frå Karmøy/Haugesund må vera med for å sikre alle trafikantar ein god og trygg veg og god tilkomst til Karmsund Havn. Parsellen Bakka-Solheim (Vindafjord og Etne) som er ferdig regulert, må også prioriterast høgt i NTP.

Ny kortare veg med mindre stigning, utanom sentrumsområde vil gje redusert reisetid, reduserte utslepp og reduserte kostnadar for næringslivet. E134 er viktig med tanke på miljø, næringsutvikling, distrikts- og regionalutvikling. Elles vil det også vera eit viktig trafikktryggingstiltak.

Resolusjonen ble vedtatt etter forslag fra Vindafjord KrF.